Ytre Hebridane

Ytre Hebridane
Outer Hebrides
Comhairle nan Eilean Siar
region
Flagg
Symbol
Land  Storbritannia
Konstituerande land  Skottland
Del av Hebridane
Adm.senter Stornoway
Areal 3 058,7026 km²
Folketal 26 720 (2019)[1]
Kart
Ytre Hebridane
57°46′N 7°01′W / 57.76°N 7.02°W / 57.76; -7.02
Hebridane (Ytre Hebridane i oransje)
Hebridane (Ytre Hebridane i oransje)
Hebridane (Ytre Hebridane i oransje)
Wikimedia Commons: Outer Hebrides

Ytre Hebridane[a] er ei øygruppe utanfor vestkysten av Skottland. Øygruppa er ein av 32 regionar i Skottland.

Øygruppa er ein del av Hebridane som er skild frå det skotske fastlandet av Indre Hebridane og det stormfulle farvatnet The Minch, Little Minch og havområdet kring Hebridane.

Øyane vart kalla Suðreyjar («Sørøyane») under Noreg i om lag 200 år fram til øyane vart overførte til Skottland med Perth-traktaten i 1266 etter slaget ved Largs tre år tidlegare. Øyane vert stundom kalla An t-Eilean Fada eller «Den lange øya», Na h-Eileanan a-Muigh eller «Dei ytre øyane» og Innse Gall eller «Dei utanlandske øyane». Det sistnemnte namnet vart nytta av skottane på fastlandet då Hebridane vart styrt av vikingane.

Øyane

Dei største øyane i øygruppa er Lewis og Harris, North Uist, Benbecula, South Uist og Barra. Det meste av vestkysten på øyane er machair, eit frodig lågtliggande beiteland av sanddyner.[2] Det meste av øygruppa er verna område og dette omfattar både øyane og det omliggande farvatnet. Her finst fleire sjeldne dyreartar, inkludert kongeørn, brugde, kval, delfin, oter og åkerrikse.[3]

Folkesette øyar

Øy Folketal i 2001
Lewis og Harris (Leòdhas agus na Hearadh) 19 918
South Uist (Uibhist a Deas) 1818
North Uist (Uibhist a Tuath) 1271
Benbecula (Beinn nam Fadhla) 1219
Barra (Barraigh) 1078
Scalpay (Sgalpaigh) 322
Great Bernera (Bearnaraigh Mòr) 233
Grimsay (Griomasaigh) 201
Berneray i Hebridane (Beàrnaraigh) 136
Eriskay (Eirisgeidh) 133
Vatersay (Bhatarsaigh) 94
Baleshare (Baile Sear) 49
Grimsay i Hebridane (Griomasaigh) 19
Flodaigh 11
Totalt (2001) 26 502

Folketomme øyar

Det finst mange øyar som ikkje er busette, mellom anna Barra Isles, Flannan Isles, Monach Islands, Shiant Isles og øyane Loch Ròg. I lag med mange av dei andre øyane i Skottland, vart dei meir fjerntliggjande øyane forlatne på 1800- og 1900-talet, i somme tilfelle etter å ha vore kontinuerleg busette sidan førhistorisk tid.

Mange småøyar ligg spreidd rundt dei større øyane i gruppa. I vest ligg St Kilda og Rockall. Rockall er ei omstridd britisk øy, som både Irland, Færøyane og Island har gjort krav på. Mellom St Kilda og Rockall ligg Anton Dohrn, ein stor undersjøisk vulkan.[4] I nord ligg North Rona og Sula Sgeir, to små og fjerntliggjande øyar. Desse vert ofte ikkje rekna som ein del av Ytre Hebridane, men høyrer til den adminsitrative delen av dei.

Geologi

Dei fleste av øyane har grunnfjell av gneis. Desse er dei eldste bergartane i Europa og nokre av dei eldste i verda. Dei skal ha vorte danna i prekambrium, opp mot tre milliardar år sidan.

Historie

Førhistorie

Hebridane har vore busett sidan mellomsteinalderen og har fleire viktige førhistoriske stader. Eilean Dòmhnuill i Loch Olabhat på North Uist vart bygd om lag 3200-2800 f.Kr. og kan ha vore den fyrste skotske crannog.[5][6] Callanish Stones er frå kring 2900 f.Kr. og er det beste dømet på steinsirklar i Skottland, 13 monolittar med høgder på ein til fem meter som dannar ein sirkel med ein omkrins på 13 meter.[7][8][9] Cladh HallanSouth Uist er den einaste staden i Storbritannia med førhistoriske mumiar og på Lewis ligg imponerande ruinar av Dun Carloway frå jernalderen.[10][11][12]

Hebridane under nordmennene

Dei ytre og indre Hebridane kom under norsk kontroll før 800-talet. Dette vart stadfest i 1098 då Edgar av Skottland signerte ei avtale som gav Magnus III av Noreg rett over dei. Dette skjedde etter at den norske kongen hadde erobra Orknøyane, Hebridane og Isle of Man same året, frå dei norske leiarane på desse øyane. Ved å erobra øyane la Magnus III desse nordmennene, som hadde teke øyane fleire hundreår tidlegare, under seg og fekk meir direkte kontroll over dei.

Nordmennene på både dei Indre og Ytre Hebridane var nesten i konstant krigføring før dei til slutt vart fråskilte i 1156. Ytre Hebridane kom under Kongedømet Suderøyane og Man, medan Indre Hebridane braut under Somerled, ein norsk-keltisk slektning av både Lulach og kongehuset på Man.

Etter sigeren hans i 1156, tok Somerled to år seinare kontroll over Isle of Man og vart den siste kongen av Suderøyane og Man som styrte over alle øyane kongedømet ein gong hadde omfatta. Etter Somerled døydde i 1164 hadde herskarane av Man berre kontroll over Ytre Hebridane.

Etter Perth-traktaten i 1266 vart Ytre Hebridane, i lag med Isle of Man, gjevne til Kongedømet Skottland.[13]

Gælisk på Ytre Hebridane

Ytre Hebridane har historisk vore eit område der skotsk-gælisk språk har stått sterkt. Både i folketeljingane i 1901 og 1921 hadde alle sokna over 75 % gælisktalande. I 1971 hadde dei fleste områda framleis over 75 % gælisktalande.

Etter den tid har talet på gælisktalande gått ned. I 2001 var det totalt rundt 59 % gælisktalande.

Merknader

  1. skotsk-gælisk Na h-Eileanan Siar eller Na h-Eileanan an Iar, engelsk Western Isles eller Outer Hebrides

Kjelder

Referansar
  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 http://statistics.gov.scot/data/population-estimates-current-geographic-boundaries.
  2. Murray, W.H. (1966) The Hebrides. London. Heinemann. side 171 & 198
  3. Comhairle nan Eilean Siar: Environment, arkivert frå originalen 8. september 2008, henta 14. desember 2009 
  4. WWF North-East Atlantic Programme - Seamounts report (PDF), arkivert frå originalen (PDF) 30. oktober 2008, henta 14. desember 2009 
  5. Armit (1998) s. 34.
  6. Crone, B.A. (1993) «Crannogs and chronologies» (pdf) Proceedings of the Society of Antiquarians of Scotland. 123 s. 245-54.
  7. Li (2005) s. 509.
  8. Murray (1973) s. 122.
  9. "Lewis, Callanish, 'Tursachan' " Arkivert 2012-08-06 ved Wayback Machine. RCAHMS.
  10. "Mummification in Bronze Age Britain" BBC History.
  11. "The Prehistoric Village at Cladh Hallan". University of Sheffield.
  12. "AD 200 - Valtos: brochs og wheelhouses" archaeology.co.uk Retrieved 1 August 2009.
  13. Hunter (2000) s. 74, 102–05, 111.

Bakgrunnsstoff

Commons har multimedium som gjeld: Ytre Hebridane
Reiseguide for Outer Hebrides frå Wikivoyage

Read other articles:

Didier Drogba Drogba pada tahun 2019Informasi pribadiNama lengkap Didier Yves Drogba Tébily[1]Tanggal lahir 11 Maret 1978 (umur 45)[2]Tempat lahir Abidjan, Pantai GadingTinggi 1,88 m (6 ft 2 in)[3]Posisi bermain PenyerangKarier junior Dunkerque1988–1989 Tourcoing[4]1989–1991 Abbeville1991–1993 Vannes1993–1997 Levallois1997–1998 Le MansKarier senior*Tahun Tim Tampil (Gol)1998–2002 Le Mans 64 (12)2002–2003 Guingamp 45 (20)2003�...

 

68-й армійський корпусLXVIII. Armeekorps Екіпаж німецького танку Hotchkiss H-39 (трофейний французький танк Hotchkiss H35) в Югославії. Січень 1944На службі 23 вересня 1942 — 8 травня 1945Країна  Третій РейхНалежність  ВермахтВид  Сухопутні військаРоль піхотаЧисельність армійський корпу�...

 

An Yong-hak Informasi pribadiNama lengkap An Yong-hakTanggal lahir 25 Oktober 1978 (umur 45)Tempat lahir Prefektur Okayama, JepangPosisi bermain GelandangKarier senior*Tahun Tim Tampil (Gol)2002–2004 Albirex Niigata 2005 Nagoya Grampus Eight 2006–2007 Busan I'Park 2008–2009 Suwon Samsung Bluewings 2010 Omiya Ardija 2011–2012 Kashiwa Reysol 2014– Yokohama FC Tim nasional2002-2012 Korea Utara 39 (3) * Penampilan dan gol di klub senior hanya dihitung dari liga domestik An Yong-ha...

Australian wild bee ecologist Kit Prendergast presenting at CitSciOz in 2023 Kit Prendergast, nicknamed The Bee Babette, is a wild bee ecologist from Perth, Western Australia.[1][2][3][4][5] She studied at Curtin University[6] and gained her PhD after researching the biodiversity of native bees and pollination networks in urban areas, along with how to conserve them and the impact of honeybees on native bees.[7][8] Prendergast ha...

 

Universitas PGRI Sumatera BaratNama sebelumnyaSekolah Tinggi Keguruan dan Ilmu Pendidikan PGRI Sumatera BaratJenisPerguruan tinggi swastaDidirikan1984AfiliasiPersatuan Guru Republik IndonesiaRektorProf. Dr. H. Ansofino, M.SiLokasiKota Padang, Sumatera Barat, IndonesiaWarnaBiruSitus webupgrisba.ac.id Universitas PGRI Sumatera Barat atau disingkat dengan UPGRISBA (sebelumnya bernama STKIP PGRI Sumatera Barat) adalah perguruan tinggi swasta di Kota Padang, Sumatera Barat[1] yang dibuka b...

 

Winfried FreudenbergLahir(1956-08-29)29 Agustus 1956OsterwieckMeninggal8 Maret 1989(1989-03-08) (umur 32)ZehlendorfSebab meninggalKecelakaan balon gas buatan rumah saat berupaya untuk meninggalkan Berlin Timur52°25′47″N 13°13′26″E / 52.4297°N 13.2239°E / 52.4297; 13.2239 (Empty balloon found in branches of a tree)Penemuan jasadBackyard of a garden villa in Zehlendorf52°26′01″N 13°15′38″E / 52.4336°N 13.2606°E&#...

Military unit This article is about regiments in military ground forces. For regiments in air forces, see Aviation Regiment (disambiguation). Not to be confused with regimen. vteArmy units and organizationSubordinatedelement Fireteam / Crew  Ø  Squad  ●  Section / Patrol  ●● Platoon / Troop / Flight ●●●  Staffel / Echelon  ●●●●  Unit Company / Battery / Squadron ❘  Battalion / Squadron / Cohort ❘ ❘  Re...

 

ليندا تريب (بالإنجليزية: Linda Tripp)‏  معلومات شخصية اسم الولادة (بالإنجليزية: Linda Rose Carotenuto)‏[1]  الميلاد 24 نوفمبر 1949   جيرسي سيتي  تاريخ الوفاة 8 أبريل 2020 (70 سنة) [2]  سبب الوفاة سرطان البنكرياس[3][4]  الإقامة كولومبياميدلبورغ  مواطنة الولايات المتح...

 

NFKBIB التراكيب المتوفرة بنك بيانات البروتينOrtholog search: PDBe RCSB قائمة رموز معرفات بنك بيانات البروتين 1K3Z, 1OY3 المعرفات الأسماء المستعارة NFKBIB, IKBB, TRIP9, NFKB inhibitor beta معرفات خارجية الوراثة المندلية البشرية عبر الإنترنت 604495 MGI: MGI:104752 HomoloGene: 37631 GeneCards: 4793 علم الوجود الجيني الوظيفة الجزيئية ...

Предположительные районы проживания дауров, дючеров и гогулей в середине XVII в Дючеры или дучеры — русское название народа, жившего в XVII веке на берегах Амура, приблизительно от устья Зеи до устья Уссури, и несколько ниже по течению[1][2]. Содержание 1 Описание,...

 

西維珍尼亞 美國联邦州State of West Virginia 州旗州徽綽號:豪华之州地图中高亮部分为西維珍尼亞坐标:37°10'N-40°40'N, 77°40'W-82°40'W国家 美國加入聯邦1863年6月20日(第35个加入联邦)首府(最大城市)查爾斯頓政府 • 州长(英语:List of Governors of {{{Name}}}]]) • 副州长(英语:List of lieutenant governors of {{{Name}}}]])吉姆·賈斯蒂斯(R)米奇·卡邁克爾(...

 

伊斯兰合作组织Organisation of Islamic Cooperation(英語)Organisation de la Coopération Islamique(法語)منظمة التعاون الإسلامي(阿拉伯語) 旗帜格言:To safeguard the interests and ensure the progress and well-being of Muslims  成员国  观察国  暂停会籍行政总部 沙地阿拉伯吉达 官方语言阿拉伯语英语法语类型宗教成员国57个在籍成员国(英语:Member states of the Organisation ...

Alcoi redirects here. For the town in the Philippines, see Alcoy, Cebu. For the mountain in Peru which is also spelled Alcay or Alcoy, see Allqay. Municipality in Valencian Community, SpainAlcoy Alcoy (Spanish) Alcoi (Valencian)MunicipalityPanoramic view of Alcoy, Alicante Province FlagCoat of armsAlcoyLocation in SpainCoordinates: 38°41′54″N 0°28′25″W / 38.69833°N 0.47361°W / 38.69833; -0.47361Country SpainAutonomous community Valencian...

 

JetBlue Airways is currently the second-largest A220 customer. This article describes sales, lists orders and deliveries for the Airbus A220 family aircraft currently in production by Airbus Canada Limited Partnership (ACLP), a joint venture between Airbus and Investissement Québec. The five-abreast narrow-body airliner was marketed as Bombardier CSeries prior to its acquisition by Airbus in 2018 and has since been marketed as the Airbus A220. The small variant A220-100 (formerly CS100) com...

 

American western television series (1993–1998) This article needs additional citations for verification. Please help improve this article by adding citations to reliable sources. Unsourced material may be challenged and removed.Find sources: Dr. Quinn, Medicine Woman – news · newspapers · books · scholar · JSTOR (June 2015) (Learn how and when to remove this message) Dr. Quinn, Medicine WomanGenre Western Drama Created byBeth SullivanStarringJane Sey...

تلمودمعلومات عامةصنف فرعي من التوراة الشفوية جزء من اليهودية اشتق من تناخمشناه لديه جزء أو أجزاء التلمود البابليالتلمود اليروشلميMegillat Antiochus (en) تعديل - تعديل مصدري - تعديل ويكي بيانات جزء من سلسلة عناليهود واليهودية أصل كلمة يهود من هو اليهودي؟ اليهودية الله في اليهودية ...

 

مبادرة الجيروسكوب. المبادرة هي الحركة الدائرية لمحور الدوران ، أي حول الرأسي المرسوم من نقطة المحور السفلية الثابتة. المبادرة[1] أو المداورة[2] أو البدارية[بحاجة لمصدر] (بالإنجليزية: Precession)‏، هي حركة دائرية متغيرة حول محور يسمى محور المبادرة. في الفيزياء، هناك ن...

 

Ongoing COVID-19 viral pandemic in Mexico Parts of this article (those related to statistics data such as charts, graphs, maps, numbers and dates) need to be updated. Please help update this article to reflect recent events or newly available information. (January 2021) COVID-19 pandemic in Mexico(from the top, left to right) New normality in Playa del Carmen People with face masks praying in the Basilica of Zapopan Panitary filter at the entrance to Poza Rica Park in Dolores Hidalgo, Guanaju...

جهاد الغنام جهاد الغنام معلومات شخصية الميلاد سنة 1961   رفح  الوفاة 9 مايو 2023 (61–62 سنة)[1]  رفح  سبب الوفاة ضربة جوية[1]  قتله القوات الجوية الإسرائيلية،  وشاباك  مواطنة دولة فلسطين  الحياة العملية المهنة مقاوم  الحزب حركة الجهاد الإسلامي في فل�...

 

Renault ZoeProdusenRenaultProduksi2012—sekarangPerakitanFlins, PrancisKelasSupermini (B)Model bodi5-pintu hatchbackMotor elektrik 66 kW (90 PS; 89 bhp) 220 N⋅m (162 lb⋅ft) (2012–2019) 80 kW (109 PS; 107 bhp) 225 N⋅m (166 lb⋅ft) (2018–sekarang) 100 kW (136 PS; 134 bhp) 245 N⋅m (181 lb⋅ft) (2019–sekarang) Baterai 22 kW·h baterai ion litium (2012–2019) 41 kW·h baterai ion litium (Oktober 2016–Sep...