Bobby Wellins

Bobby Wellins

Fødd24. januar 1936
FødestadGlasgow
Død27. oktober 2016 (80 år)
FødenamnRobert Coull Wellins
OpphavStorbritannia
Aktiv2016–2016
Sjangerjazz
Instrumenttenorsaksofon
Verka somjazzmusikar, saksofonist

Robert Coull Wellins (24. januar 193627. oktober 2016) var ein skotsk tenorsaksofonist som samarbeidde med Stan Tracey på albumet Jazz Suite Inspired by Dylan Thomas' "Under Milk Wood" (1965).[1][2]

Liv

Robert Coull Wellins var fødd i ein showbusinessfamilie som budde i The Gorbals i Glasgow; han budde seinare i Carnwadric og var elev ved Shawlands Academy.[3] Wellins lærte altsaksofon og harmoni av faren sin, Max, og spelte òg piano og klarinett då han var ung. Han gjekk inn i Royal Air Force som musikar på tenorsaks.[4] Etter at han var dimittert, spelte han med nokre skotske band før han flytta til London på midten 1950-talet.[5] Han var medlem av Buddy Featherstonhaugh-kvintetten mellom 1956 og 1957,[6] i lag med Kenny Wheeler. På omlag same tid blei Wellins òg med i perkusjonisten Tony Crombie sitt Jazz Inc. Der møtte han pianisten Stan Tracey, og blei med i kvartetten hans på byrjinga av 1960-talet. Wellins spelte òg med Lionel Grigson i 1976.[7] På slutten av 1970-talet var han medlem av Jim Richardson sin kvartett.[4]

På midten av 1970-talet leidde Wellin sin eigen kvartett med pianisten Pete Jacobsen, bassisten Adrian Kendon (som seinare blei erstatta av Ken Baldock, og deretter Andy Cleyndert på 1980-talet) og trommeslagaren Spike Wells. På 1980-talet danna Wellins ein kvintett med saksofonspelaren Don Weller og deretter med gitaristen Jim Mullen; den fyrste gruppa inkluderte Errol Clarke på piano, Cleyndert på bass og Wells på trommer, medan den siste hadde Pete Jacobsen på piano. Etter denne gruppa leidde Wellins ulike kvartettar, som inkluderte musikarar som Liam Noble på piano, Simon Thorpe på bass og Dave Wickens på trommer. Seinare tok Wellins opp att samarbeidet med Spike Wells med ein kvartett der Mark Edwards spelte piano og Andrew Cleyndert spelte bass.

In 2011 ting den artistiske leiaren for Scottish National Jazz Orchestra, Tommy Smith, eit arrangement frå Florian Ross av Wellins sin Culloden Moor Suite: The Gathering, The March, The Battle, Aftermath and the Epilogue, som blei spelt på turné i Skottland og på Shetland. I mai 2013 blei suiten spelt inn i Gorbals Sound Studio og miksa i Rainbow Studios i Oslo.

I 2012 blei livet til Wellins skildra i ein dokumentarfilm med tittelen Dreams are Free, regissert av regissøren Gary Barber i Brighton.

Wellins døydde 27. oktober 2016, etter å ha vore sjuk i nokre år.[8]

Diskografi

Wellins i studio under ei innspeling av Culloden Moor Suite med det skotske nasjonale jazzorkesteret i 2013.

Kjelde[9][10]

  • Live ... Jubilation (Vortex, 1978)
  • Dreams Are Free (Vortex, 1979)
  • Making Light Work (Hep, 1983)
  • Birds of Brazil (Sungai, 1989)
  • Nomad featuring Claire Martin (Hot House, 1992)
  • Special Relationship med Jimmy Knepper, Joe Temperley (Hep, 1994)
  • Don't Worry 'Bout Me (Cadillac, 1997)
  • The Satin Album (Jazzizit, 1997)
  • Comme D'Habitude with Stan Tracey (Jazzizit, 1998)
  • The Best Is Yet to Come (Jazzizit, 1998)
  • Fun (Jazzizit, 2003)
  • When the Sun Comes Out (Trio, 2005)
  • Nine Songs med Don Weller (Trio, 2007)
  • Snapshot (Trio, 2008)
  • Joyspring med Gary Kavanagh (Trio, 2008)
  • Time Gentlemen, Please (Trio, 2010)
  • Smoke and Mirrors med Kate Williams (CD Baby/Kwjazz, 2012)
  • Culloden Moor Suite med Scottish National Jazz Orchestra (Spartacus, 2014)

Kjelder

  1. Fordham, John (20. desember 2001). «Stan Tracey». The Guardian. Henta 2. januar 2010. 
  2. Fordham, John (14. april 2006). «Bobby Wellins, When the Sun Comes Out». The Guardian. Henta 2. januar 2010. 
  3. «Bobby Wellins». Henta 3 August 2021. 
  4. 4,0 4,1 «Bobby Wellins». All About Jazz. Arkivert frå originalen 7 July 2012. 
  5. Feather, Leonard; Gitler, Ira (2007). The Biographical Encyclopedia of Jazz. Oxford University Press US. s. 684. ISBN 978-0-19-532000-8. 
  6. «Bobby Wellins». All About Jazz. Arkivert frå originalen 7 July 2012. 
  7. John Chilton, Who's Who of British Jazz, p. 382.
  8. Vacher, Peter (28 October 2016). «RIP Bobby Wellins (1936-2016)». Jazzwisemagazine.com. Arkivert frå originalen 28 October 2016. Henta 28 October 2016. 
  9. «Bobby Wellins Discography». Arkivert frå originalen 18 October 2016. Henta 17 November 2019. 
  10. «Bobby Wellins | Album Discography». Henta 1 March 2019.