«Help!» er ein song av The Beatles som var tittelsporet på både albumet Help! og filmen Help!. Han vart òg gjeven ut på singel og nådde førsteplassen i mange land, inkludert Noreg, Storbritannia og USA. Songen er hovudsakleg skriven av John Lennon, men tilskriven Lennon/McCartney (som alle Beatles-songar skrivne av desse to).[2] Lennon fortalte seinare at tittelen kom av desperasjon.[3] Musikkmagasinet Rolling Stone plasserte songen på 29. plass på lista si over dei 500 største songane gjennom tidene.
Lennon skreiv teksten til songen for å uttrykke presset på bandet etter den raske vegen til toppen av hitlistene etter fleire år som ukjend band. Sidan Lennon sin utryggleik motsa bilete av Beatles som eit optimistisk og sjølvsikkert band, følte Lennon at det nesten var umogeleg for tilhengjarane å forstå opphavet til songen. Forfattar Ian MacDonald skildrar songen som den første sprekka i skalet som Lennon nytta til å verne kjenslene sine i tida då Beatles vart verdskjende, og at dette var ein viktig milepåle i måten han kom til å skrive songar på.
I 1970 fortalte Lennon at sidan songen var så ærleg var det ein av favorittsongane hans av The Beatles, men han hadde ønskt at dei hadde spelt han inn i eit seinare tempo.
Teksten i songen opnar med «When I was younger, so much younger than today».
1976 - Henry Gross i musikkdokumentare All This and The Second World War. John Lennon sa ein gong at dette var favorittversjonen hans av songen. George Harrison og Paul McCartney syng korvokal.[28]
1980 - John Farnham gav ut songen som ein pianobasert ballade i langsamt tempo.[31] Versjonen hans nådde åttandeplassen i Australia..[32]
1982 - Den sørafrikanske gruppa Hotline, med PJ Powers, gav songen ut på singel.[33]
1984 - Tina Turner gav ut ein balladeversjon av songen (i lag med The Crusaders) og denne nådde 14. plassen i Nederland, 25. plassen i Belgia, og 40. plassen i Storbritannia. Songen var med på den europeiske utgåva av Private Dancer.[34] Songen vart mykje spelt på konsertane hennar ei tid framover og finst på Tina Live in Europe og konsertfilmen Private Dancer Tour.
1985 - Roy Orbison framførte ein kortare versjon av songen i eit mykje meir langsamt tempo for fjernsynsdokumentaren Everyman: John Lennon «Journey In The Life".[35]
1989 - Bananarama (med French & Saunders og Kathy Burke) som Red Nose Day-singel til støtte for Comic Relief. French, Saunders og Burke vart omtalte som «Lananeeneenoonoo"[36] (ein parodi på Bananarama). Denne versjonen nådde tredjeplassen i Storbritannia og var med i juleepisoden av Only Fools and Horses i 1989.