«Nutbush City Limits» er ein delvis sjølvbiografisk song skriven og framført av Tina Turner der ho minnast landsbygda i heimstaden Nutbush i Tennessee. Songen kom ut i juni 1973, kort tid før ho skilde seg frå den dåverande ektemannen og musikalske partneren Ike Turner. «Nutbush City Limits» var den siste store hitsingelen duoen produserte før dei gav seg. I seinare år har «Nutbush City Limits» blitt spelt inn av mange andre artistar, som Bob Seger and The Silver Bullet Band. Tina Turner sjølv har spelt inn fleire nyare versjonar av songen.
Originalversjonen frå 1973
Den første innspelinga av «Nutbush City Limits» vart produsert av Ike Turner i hans Bolic Sound Studio i Inglewood i California i mai 1973 og gjeven ut som singel månaden etter som Ike & Tina Turner. Sjølv om Ike skreiv musikken, førte han ikkje opp namnet sitt ved sidan av Tina, som skreiv teksten. Denne versjonen er prega av nyskapande gitarlydar, ein synthesizersolo og ei funky blåserekkje.
Songen kom sidan ut på albumet med same namn, i november 1973, og vart den siste store hitten til duoen då han nådde 11. plassen på BillboardHot Soul Singles, 22. plassen på Billboard Hot 100 og fjerdeplassen på UK Singles Chart.[2] Då duoen gav seg, vart songen fast i konsertane til Tina Turner.
Det gjekk lenge rykte om at Marc Bolan, frontmannen i glamrockbandetT. Rex, spelte gitar på songen.[3] Dette vart stadfesta av Gloria Jones, som då var kjærasten hans og som sjølv song korvokal for Ike & Tina Turner i 1960-åra. Men i 2008 skreiv magasinet Ebony, i samband med dødsfallet til Ike Turner, at det var James «Bino» Lewis, som då spelte i bandet til Ike & Tina, Kings of Rhythm, som spelte gitar.[4]
Eit konsertopptak av «Nutbush City Limits» frå Break Every Rule-turneen til Tina Turner i 1986-1897 vart gjeven ut som den første singelen frå konsertalbumet Tina Live in Europe, men det var ei anna innspeling enn den versjonen som var med på konsertalbumet. Dette var den første singelen til Tina Turner som vart gjeven ut på CD-singel, som då var eit nytt format.
Både CD-singelen og 12"-singelen inneheldt ein nesten 11 minuttar lang utgåve av ZZ Top-songen «Legs» frå albumet deira Eliminator frå 1983, som ikkje var med på albumet Tina Live in Europe.
Remixar i 1991
Turner spelte inn «Nutbush City Limits» i ein moderne dance-stil kalla «The 90s Version» for samlealbumet hennar Simply the Best i 1991. Singelen nådde 23. plassen på UK Singles Chart og nådde Topp 20 i fleire andre europeiske land. Ei anna utgåve, kalla «Nutbush City Limits ('91)», kom ut i lag med «The 90s Version».