Etter fleire krevjande år som soloartist etter skilsmissen med Ike, gjorde Private Dancer Turner til ei stor solostjerne, og ein av dei mest seljelege crossover-songarane i plateindustrien. Plata vart ein verdsomfattande suksess og selde til fleire platinaplater i Australia, Canada, Tyskland, Storbritannia og USA. Til i dag er dette det bestseljande albumet hennar i Nord-Amerika. Det vart gjeve ut sju singlar frå Private Dancer, inkludert «What's Love Got to Do with It», «Better Be Good to Me», «Private Dancer» og «Let's Stay Together». Plata fekk god kritikk av musikkpressa då det kom ut og ein hylla energien og den rå kjensla som Turner gav dei glatt produserte pop- og rocksongane. Albumet står att som albumet som mjuka opp den rå southern soul-stilen hennar og skapte eit «landmerke» i «utviklinga av pop-soul-musikk».[1] Albumet vart marknadsført gjennom 1985 med 177 konsertar verda over under Private Dancer-turneen.
Bakgrunn og produksjon
John Carter i Capitol Records har fått æra for å ha relansert karrieren til Tina Turner i 1980-åra.[2] I 1983, trass i motstand i Capitol, fekk ho platekontrakt og gav ut albumet Private Dancer. Sjølve albumet vart produsert i England med fleire forskjellige produsentar.[1]
Albumet kom ut den 29. mai 1984 og vart ein enorm suksess. Private Dancer har seld til 5 × platina (5 millionar eksemplar[4]) i USA og selde kring 250 000 eksemplar i veka i løpet av to månader. I alt reknar ein med at albumet har seld kring 20 millionar eksemplar verda over.[5]
I 1997 gav EMI, hovudselskapet til Capitol Records, ut ei Centenary Edition av Private Dancer med ny digital lyd på CD, og det kom då ut med fire demospor spelte inn seint i 1983 og tidleg i 1984 med produsenten John Carter. Dei vart først gjevne ut som B-sider til somme av singlane frå Private Dancer, i tillegg til tre lengre 12" miksar. Albumet er det einaste av Tina Turner sine studioalbum som har blitt gjeve ut med ny digital lyd.
Kritikarane var positive til albumet. Los Angeles Times meinte at stemma hennar «smeltar vinyl».[8] Debby Miller skreiv i juli 1984 i Rolling Stone at ho meinte albumet var eit mektig comeback, og at stemma til Turner var «hes, men kraftig», og at alle songanr var gode i ein «moderne rockesetting» som var «verken frittståande eller særs masete».[3]Robert Christgau meinte at ho klarte å levere ærleg «angsten til gjennomsnittsmenneske i nyare tids profesjonell låtskriving» og hadde kontrollen over eit album med fire forskjellige produksjonslag som gav det ein «saumlaus autoritet».[9]
Turné
Det vart halde 177 konsertar for å marknadsføre albumet den 8. februar 1985 til 28. desember 1985, kalla Private Dance-turneen. Denne bestod av 60 konsertar i Europa, 105 i Nord-Amerika, ti i Australia og to i Japan. Oppvarmingsartistar i Nord-Amerika var mellom andre Glenn Frey og Mr. Mister. I tillegg til songar frå albumet spelte Turner hittar frå tida si med Ike & Tina Turner, som «River Deep – Mountain High», «Nutbush City Limits» og «Proud Mary».
Ettermæle
Alex Henderson skreiv i ei nyare melding for AllMusic at albumet var glattare enn R&B-klassikarane ho spelte inn med Ike & Tina TUrner, men ho klarte likevel å synge med ein ru lidenskap det som var ein av dei finaste soloplatene hennar.[10]Stephen Holden skreiv i The New York Times at med å bruke engelske produsentar som mjuka opp den rå Southern soul-stilen hennar, utan «larmande blåsarar, vill perkusjon og gospelkor», vart albumet eit «landemerke» i «utviklinga av pop-soul-musikk».[1]
Michael Lydon skreiv i Robert Dimery sin 1001 Albums You Must Hear Before You Die at tekstane på albumet tok inn den personen hennar som «tøffe, sexy kvinna som har gått livets skule», og at vokalen hennar overgår den glatte produksjonen, med «utemmeleg sjel» som samlar dei mange produsentane.[11] I 1989 vart albumet rangert på 46. plassen på lista til magasinet Rolling Stone over dei 100 beste albuma i 1980-åra. I 2003 hamna albumet på 95. plassen på lista til fjernsynskanalen VH1 over dei beste albuma gjennom tidene. Slant Magazine sette albumet på 63. plassen på lista si over dei beste albuma frå 1980-åra og sa «Private Dancer var både ei personleg frigjering og ei lydmessig forsoning, som ikkje berre etablerte Turner som ein genuin diva, men som ei verkeleg naturkraft».[12]
Innhald
Original amerikansk vinyl- og kassettversjon
Side ein
Nr.
Tittel
Lengd
1.
«I Might Have Been Queen» (Hine, Obstoj)
4:10
2.
«What's Love Got to Do with It» (Britten, Lyle)
3:49
3.
«Show Some Respect» (Britten, Shifrin)
3:18
4.
«I Can't Stand the Rain» (Bryant, Miller, Peebles)