Joseph Leslie «Joe» Sample (1. februar1939–12. september2014) var ein USA-amerikansk pianist, klaverspelar og komponist. Han var ein av dei opphavlege medlemmane i Jazz Crusaders, bandet som berre vart The Crusaders i 1971, og var med i gruppa fram til det siste albumet deira i 1991 (ikkje attsamlingsalbumet i 2003, Rural Renewal).
Han var ein av dei mange jazzmusikarane som starta med å spele hard bop, men som gjekk elektrisk under jazz-fusion-tida. Seint i 1950-åra var Sample med på å starte the Jazz Crusaders i lag med trombonist Wayne Henderson, tenorsaksofonisten Wilton Felder, og trommeslagaren Stix Hooper. The Crusaders vart kjend for den unike frontlinja med tenorsaksofon og trombone, og utan trompet. Sample var ein hardt-svingande musikar som kunne takle kordale og modale/skalare improvisasjonar like godt[1], og heldt seg til akustisk piano dei tidlege åra med the Crusaders. Sidan byta han til elektriske klaverinstrument, då bandet vendte seg mot jazzfunk tidleg i 1970-åra, og droppa «jazz» frå namnet sitt. Sjølv om han hadde spelt inn albumet Fancy Dance som ein triopianist i 1969, vert Rainbow Seeker frå 1978 ofte skildra som det første albumet hans som leiar. I motsetnad til den ru musikken som the Crusaders var kjendt for, bestod soloalbuma til Sample meir av lyrisk og introspektiv jazzpop.[1]