«Legs» er ein song av bandet ZZ Top frå 1983 på albumet Eliminator. Songen kom ut på singel i 1984 og nådde då åttandeplassen på Billboard Hot 100 i USA. Dance mix-versjonen av songen nådde 13. plassen på dance-lista i USA.[3]
Alle dei tre medlemmane av ZZ Top står oppført som musikarar på innspelinga, men det var i røynda berre Gibbons som spelte. Lydteknikaren Terry Manning stod for resten av musikken utanom sologitaren.[4]
Singelmiksen av «Legs» er meir synthesizer-driven enn albumversjonen. Sjølv om ein kan høyre synthesizeren på albumversjonen òg, er han tona ned.
Musikkvideo
Musikkvideoen til «Legs» var den tredje og siste i Eliminator-serien av videoar der bandet nytta Ford-modellen frå 1933,[5] og «Eliminator-jenter». Alle dei tre musikkvideoane var regisserte av Tim Newman.
Videoen vann MTV-prisen for årets beste gruppevideo i 1984.[6] Dette var det første året prisen vart gjeven ut.
↑Diehl, Matt (2. februar 1998). «ZZ Top: Rhythmeen». Rolling Stone. Audio-music.info. Henta 1. juli 2013. «Touted by ZZ Top as a return to roots, Rhythmeen finds the power trio ditching the synth-pop thud of their '80s hits «Legs» and «Sharp Dressed Man.»»
↑Whitburn, Joel (2004). Hot Dance/Disco: 1974-2003. Record Research. s. 287.