Albumtittelen var inspirert av Rio Grande, elva som dannar grensa mellom Mexico og Texas.
I 1987 kom albumet ut på CD, men var då miksa på nytt. Den 11. januar 2011 gav Rhino ut ei nymastra utgåve av albumet på vinyl med den originale miksen frå 1972. albumet vart òg lagt ut for digital nedlasting i 2012 med den originale miksen. Den originale miksen vart gjeven ut på CD som ein del av boksen The Complete Studio Albums (1970-1990).[5]
Den einaste singelen som kom ut frå albumet var «Francine» (med «Down Brownie») som nådde 69. plassen på Billboard Hot 100. Ein annan 45"-versjon kom ut med «Francine» på begge side, ein engelskspråkleg og ein spanskspråkleg versjon.