I 2013 vart Manning innlemma i International Rockabilly Hall of Fame, West Texas Music Hall of Fame og Bobby Fuller Four and Border Legends Cultural Center i El Paso, Texas. I oktober 2013 gav ECR Music Group ut Manning-albumet West Texas Skyline, ei hyllest til Bobby Fuller.
Tidlege år
Terry Manning var fødd i El Paso i Texas.[2] På vidaregåande var Manning eit gryande idrettstalenet og sprang på bane og spelte quarterback på det amerikanske fotballaget. Han gjekk på Memphis State University (i dag University of Memphis), der han var kaptein for fotballaget og spelte basketball.[3] Manning byrja å arbeide i musikkindustrien då han budde i El Paso, der han spelte gitar og song i fleire lokale band, mellom anna Bobby Fuller and The Wild Ones.
Musikkarriere
Etter at Manning flytta til Memphis i Tennessee, arbeidde han i fleire år både for Stax Records og Ardent Studios som lydteknikar og produsent. Han var ein av dei viktigaste partane i produksjonsteamet til Al Bell for The Staple Singers, og var ansvarleg for hittar som «Heavy Makes You Happy,» «Respect Yourself» og «I'll Take You There».[3]
I 1970 gav Manning ut sitt eige soloalbum, Home Sweet Home, på Stax-etiketten Enterprise.[4] I midten av 1980-åra flytta Manning til London, der han arbeidde for EMI i Abbey Road Studios. I 1992 flytta han til Nassau på Bahamas, der han slo seg saman med Chris Blackwell i Compass Point Studios, som han dreiv i over tjue år.