«Whole Lotta Love» er ein song av det engelske rockebandet Led Zeppelin. Han er opningssporet på det andre albumet, Led Zeppelin II, og vart i USA og Japan gjeven ut som singel. Det vart den første hitsingelen deira i USA og selde til gullplate den 13. april 1970, etter ein million selde eksemplar.[1] Som med andre Led Zeppelin-songar, vart ikkje singelen gjeven ut i Storbritannia, men han vart gjeven ut i Tyskland (der han gjekk til topps), Nederland (4. plass), Belgia og Frankrike.
I 2004 vart songen rangert på 75. plass på lista til Rolling Stone over dei 500 største songane gjennom tidene., og i mars 2005 plasserte Q «Whole Lotta Love» på 3. plass på lista si over dei 100 beste gitarsongane. Han vart plasser på 11. plass på ei liknande liste hos Rolling Stone. I 2009 vart han kåra til den tredje beste hardrocksongen gjennom tidene av VH1.[2]
«Whole Lotta Love» vart spelt inn i Olympic Studios i London og miksa i A&R Studios i New York. Han vart alt spelt på konsertane deira då han vart gjeven ut på albumet Led Zeppelin II den 22. oktober 1969 (Atlantic LP #8236).
Påverknad
I 1962 spelte Muddy Waters inn «You Need Love», skriven av Willie Dixon. I 1966 spelte der britiske modbandet Small Faces inn songen som «You Need Loving» på debutalbumet. Noko av teksten på Led Zeppelin-versjonen vart henta frå Willie Dixon-songen, som var ein av Plant sine favorittar. Fraseringa til Plant er særleg lik fraseringa til Steve Marriott på Small Faces-utgåva. Likskapar mellom «You Need Love» førte til eit søksmål mot Led Zeppelin, som Dixon vann i 1985.[3] Small Faces vart aldri saksøkt av Dixon, sjølv om «You Need Loving» berre er tilskriven Ronnie Lane og Steve Marriott.
Robert Plant, som var ein stor tilhengjar av blues og soul, siterte ofte andre songar, særleg på konsertane.
«
Riffet til Page var riffet til Page. Det var der før noko anna. Eg berre tenkte, 'vel, kva skal eg synge?' Det var det, eit ran. No betalt for med glede. På den tida var det mykje snakk om kva me skulle gjere. Me kom fram til at det var lenge sidan (det var i røynda 7 år) at...vel, du vert berre tatt når du har suksess. Slik er spelet.[4]
»
- Robert Plant
Oppbygging
Page spelar eit laust bluesriff i introen, på ein Sunburst 1959 Les Paul Standard gjennom ein 100W Marshall «Plexi»-forsterkar med forvrenging frå EL34-ventilane, som så går inn i det første refrenget. Frå 1:24 (til 3:02) glir songen over i eit frijazz-liknande parti med ein theremin-solo og ein trommesolo og stønn frå Robert Plant. Plant gjorde vokalen på eitt forsøk. Lydteknikar Eddie Kramer forklarte: «Den kjende Whole Lotta Love-miksen, der alt går bananas, er meg og Jimmy som driv og skrur på alle knappane på miksebordet.» Kramer sa òg:
«
På eit tidspunkt er det ein lekkasje frå tidlegare innspelt vokal på innspelinga av «Whole Lotta Love». Det var i den midtre delen der Robert [Plant] skrik «Wo-man. You need it». Sidan me ikkje kunne spele det inn på nytt då, så la eg på noko ekko for å sjå korleis det kom til å høyrast ut og Jimmy [Page] sa «Flott! La det vere».[5]
»
Led Zeppelin-bassisten John Paul Jones har sagt at det kjende riffet til Page truleg oppstod under improvisasjonar på konsertar då dei spelte «Dazed and Confused».[6]
Jimmy Page har derimot sagt at songen ikkje utvikla seg på scenen:
«
Nei, det er heilt feil. Nei, han vart sett saman då me øvde inn noko musikk for det andre albumet. Eg hadde eit riff, alle var heime hos meg, og me starta frå der. han var aldri skriven under ein konsert.[7]
»
Utgjeving
Då albumet kom ut leitte radiostasjonar etter eit spor som kunne passe radioformatet og «Whole Lotta Love» vart raskt ein favoritt, om ein såg bort i frå det midtre partiet. Dei lagde derfor ofte sine eigne redigerte versjonar, der denne delen var fjerna. Atlantic Records svarte raskt og av ut ein singel i USA, kutta ned til 3:10, der friform-delen var fjerna.
I 1997 gav Atlantic Records ut ein CD-singel med songen. Denne versjonen gjekk inn på lista i Storbritannia, der bandet til då aldri hadde gjeve ut singlar før.
Songen er spelt inn av mange andre artistar. Han var kjend i Storbritannia som kjenningsmelodien for det langvarige fjernsynsprogrammet Top of the Pops i 1970- og 1980-åra. Han vart spelt under avsluttningsseremonien for sommar-OL i 2008 i Beijing den 24. august 2008, i ein omarbeidd versjon med Jimmy Page på gitar og Leona Lewis på vokal. Både Lewis og organisatorane bad om at tekten var endra, særleg linja «I'm gonna give you every inch of my love», som Lewis meinte ikkje gav meining når han vart sungen av ei kvinne.[16]
↑Creswell, Toby (2005). «Whole Lotta Love». 1001 Songs: the Great Songs of All Time (1st utg.). Prahran: Hardie Grant Books. s. 303. ISBN9781740664585.