Ronald Frederick «Ronnie» Lane (1. april1946–4. juni1997)[1] var ein engelsk musikar, låtskrivar og produsent som er mest kjend som bassgitarist og var grunnleggjande medlem i to kjende engelske rockeband: Small Faces (1965–69) og det påfølgjande Faces (1969–73).
Seinare samarbeidde Lane med andre musikarar, og leia sine eigne band, medan han heldt tett kontakt med dei tidlegare bandkollegaene. Seint i 1970-åra fekk han diagnosen multippel sklerose og fekk hjelp av fleire støttekonsertar og økonomiske bidrag frå vener, tidlegare bandkollegaer og fans. Etter å ha hatt sjukdommen i 21 år døydde han, 51 år gammal.[1]
For arbeidet sitt i Small Faces og Faces, vart Lane posthumt innlemma i Rock and Roll Hall of Fame i 2012.