Long Player av Faces
Long Player er det andre albumet til den britiske rockegruppa Faces , utgjeve i februar 1971. Her finst eit konsertopptak av Paul McCartney sin «Maybe I'm Amazed » og «I Feel So Good» frå Fillmore East i New York frå 11. oktober 1970.
Ein singelversjon av «Maybe I'm Amazed » kom ut like før albumet, med ein studioversjon av songen.
Den 28. august 2015 kom albumet ut med nymastra lyd og bonusspor, inkludert to songar som ikkje var gjevne ut før, «Whole Lotta Woman» og den instrumentale «Sham-Mozzal». To konsertopptak til frå Fillmore East vart òg inkludert.
Innhald
Side ein Tittel Låtskrivar(ar) Vokalist 1. «Bad 'n' Ruin» Ian McLagan , Rod Stewart Rod Stewart 5:24 2. «Tell Everyone» Ronnie Lane Rod Stewart 4:18 3. «Sweet Lady Mary» Lane, Stewart, Ronnie Wood Rod Stewart 5:49 4. «Richmond» Lane Ronnie Lane 3:04
Side to Tittel Låtskrivar(ar) Vokalist 5. «Maybe I'm Amazed » (konsertopptak frå Fillmore East, New York 11/10/70) Paul McCartney Rod Stewart, Ronnie Lane 5:53 6. «Had Me a Real Good Time» Lane, Stewart, Wood Rod Stewart 5:51 7. «On the Beach» Lane, Wood Ronnie Lane og Ron Wood 4:15 8. «I Feel So Good» (konsertopptak frå Fillmore East, New York 11/10/70) Big Bill Broonzy Rod Stewart 8:49 9. «Jerusalem » (arr. Wood, feilaktig oppført som tradisjonell) Hubert Parry , William Blake instrumental 1:53
Bonusspor frå 2015-utgåva Tittel Låtskrivar(ar) Vokalist 10. «Whole Lotta Woman» Marvin Rainwater Rod Stewart 11. «Tell Everyone» (Take 1) Lane Ronnie Lane 12. «Sham-Mozzal» (tidleg instrumentalversjon av Had Me A Real Good Time) Jones, Lane, McLagan, Wood instrumental 13. «Too Much Woman (For A Henpecked Man)» (konsertopptak frå Fillmore East, New York 11/10/70) Ike Turner Rod Stewart 14. «Love In Vain» (konsertopptak frå Fillmore East, New York 11/10/70) Robert Johnson Rod Stewart
Medverkande
Rod Stewart - solovokal
Ronnie Lane - bass, akustisk gitar, perkusjon, korvokal, solovokal [spor 4 & 7, første vers/harmoni på spor 5]
Ronnie Wood - sologitar, slidegitar, akustisk gitar og pedalsteelgitar, korvokal, solovokal [spor 7]
Ian McLagan - piano, orgel og klaverinstrument, korvokal
Kenney Jones - trommer og perkusjon
Bobby Keys - tenorsaksofon på «Had Me a Real Good Time»
Harry Beckett - trompet på «Had Me a Real Good Time»
Faces - produksjon
Spor 1 og 2 spelt inn med Rolling Stones Mobile Studio . Lydteknikar: Martin Birch .
Spor 3, 4, 6 og 9 spelt inn i Morgan Sound Studios i London. Lydteknikar: Mike Bobak.
Spor 5 og 8 konsertopptak i Fillmore East , New York. Lydteknikar: Dave Palmer.
Spor 7 spelt inn i Revox spare room unit. Ukjend lydteknikar.
Kjelder
Studioalbum Konsertalbum Samlealbum Songar Tilknytte artiklar