Coda er det niande og siste studioalbumet til det engelske rockebandet Led Zeppelin, gjeve ut i 1982. Denne samlinga av unytta studioopptak frå forskjellige innspelingar gjennom den 12 år lange karrieren til Led Zeppelin vart gjeven ut to år etter gruppa offisielt hadde gitt seg etter at trommeslagar John Bonham døydde. Ordet coda tyder avslutninga av eit musikkstykke og vart derfor vald som tittel.
Oversyn
Led Zeppelin-gitarist og produsent Jimmy Page forklarte at årsaka til at albumet vart gjeve ut delvis var alle piratkopialbuma som var populære hos tilhengjarane:
«
Coda vart hovudsakleg gjeven ut fordi det var så mange piratkopialbum tilgjengeleg. Me tenkte, vel, om det er så stor interesse, kan me like godt gje ut resten av studiomaterialet vårt sjølv.
Dei var gode songar. Mykje av det vart spelt inn då punk verkeleg slo an... stort sett var det ikkje mange Led Zeppelin-songar som ikkje vart gjeven ut. Me nytta alt.[12]
»
I følgje Led Zeppelin-biografien Hammer of the Gods, skulda òg bandet Atlantic Records eit album til med avtalen på fem album som skapte Swan Song Records i 1974. Slik sett kunne dei oppfylle kontrakten med Coda.
«We're Gonna Groove» opnar albumet, og i følgje plateomslaget vart han spelt inn i Morgan Studios i juni 1969. Det vart seinare kjend at han kom frå eit konsertopptak frå januar 1970 i Royal Albert Hall, med nytt gitarspor og den originale gitaren fjerna.
«I Can't Quit You Baby» er henta frå same konsert som «We're Gonna Groove», men vart oppført som ei øving i det originale plateomslaget. Innspelinga vart redigert ned for å fjerne «konsert-kjensla».
↑Graff, Gary; Durchholz, Daniel (eds) (1999). MusicHound Rock: The Essential Album Guide. Farmington Hills, MI: Visible Ink Press. s. 662. ISBN1-57859-061-2.
↑Scapolo, Dean (2007). «Top 50 Albums - December 1982». The Complete New Zealand Music Charts (1st Edition utg.). Wellington: Transpress. ISBN1-877443-00-8 Check |isbn= value: checksum (hjelp). CS1 maint: Extra text (link)