«The Crunge» er ein song av det engelske rockebandet Led Zeppelin frå albumet Houses of the Holy i 1973. Han vart òg gjeven ut som B-side til «D'yer Mak'er».
Oversyn
Songen utvikla seg frå ein jam i studio. John Bonham starta rytmen, John Paul Jones kom inn på bass, Jimmy Page spela eit funk-gitarriff (og ein akkordsekvens han hadde eksperimentert med sidan 1970), og Robert Plant starta å synge.[1][2]
Songen er ein leik med funkstilen til James Brown, på same måte som «D'yer Mak'er» var eit eksperiment med reggae.[2] Sidan dei fleste tidlege studioinnspeilngane til James Brown vart spela inn utan at dei øvde noko særleg på songane først, gav han ofte retningslinjer til bandet i songen, som til dømes «take it to the bridge» - mellomspelet i songen. Plant refererer til dette i slutten av denne songen då han spør «Where's that confounded bridge?». Songen inneheld òg referansar til songar skriven av Otis Redding, særleg «Respect» (seinare meir kjend med Aretha Franklin) og «Mr. Pitiful».
Før 1975 vart «The Crunge» berre spela på konsertar som ein del av medleyen med «Whole Lotta Love» og i 1972 som ein del av «Dazed and Confused». Eit døme på dette finst på How the West Was Won. På turneen i USA i 1975 vart derimot songen framført fleire gonger, ein funk-jam som knytte «Whole Lotta Love» til «Black Dog» mot slutten av konserten.
Bassisten John Paul Jones reknar dette som ein av favorittsongane hans av Led Zeppelin[3]
Songen vart gjeven ut som singel i Uruguay i 1973 med «D'yer Mak'er» som B-side.
Taktart
Noko av humoren i songen kjem av dei stadig endrande taktartane James Brown nytta. Ein måte å telje taktane i songen er:
Intro:
1 x 9/8
Del 1:
7 x 9/8 (eller 4/8 + 5/8)
1 x 8/8 (eller 4/8 + 4/8)
Del 2:
3 x 4/4
1 x 5/8
1 x 2/4
3 x 4/4
1 x 5/8
1 x 2/4
3 x 4/4
1 x 2/4
1 x 2/8
så går ein attende til Part 1, og det heile vert repetert.
Medverkande
Andre versjonar
Albumversjonar
Samplingar
Kjelder
|
---|
|
Studioalbum | |
---|
Konsertalbum | |
---|
Samleplater | |
---|
Singlar | |
---|
Filmar | |
---|
Tilknytt | |
---|