«Paperback Writer» er ein rockesong frå 1966 av The Beatles. Han er tilskriven Lennon/McCartney, men vart i hovudsak skriven av Paul McCartney og gjeve ut som deira ellevte singel. Singelen gjekk til topps i mange land, mellom anna Noreg, USA, Storbritannia, Vest-Tyskland og Australia. Songen er skrive som eit brev frå ein lovande forfattar til eit forlag, og vart dermed den første Beatles-songen gjeve ut i heimlandet som ikkje var ein kjærleikssong. Songen låg på Topp 10 på VG-lista i 10 veker, 4 av dei på førsteplassen.
«Paperback Writer» var ein av dei siste nye songane som vart spelt av The Beatles på den siste turneen deira i 1966.
Songen vart aldri gjeven ut på eit originalt studioalbum, men kom med på fleire samlealbum, mellom anna A Collection of Beatles Oldies... but Goldies (1966)
og 1 (2000)
Innspeling
Songen vart spelt inn 13.-14. april 1966.[5] Songen vart skrive tre månader etter McCartney hjelpte John Dunbar og andre med å opprette ein bokhandel for Indica Gallery.[6]
«Paperback Writer» har ein markant bass gjennom heile songen, og McCartney fekk til denne effekten med å nytte ein høgtalar som mikrofon og plassere han føre basshøgtalaren.
Medverkande
Salslister og salstrofé
Kjelder
- ↑ Scott Miller, Music: What Happened?, (125 Records, 2010), ISBN 0-615-38196-0, P.39.
- ↑ John M. Borack, Shake some action: the ultimate power pop guide, (Shake Some Action – PowerPop, 2007), ISBN 0-9797714-0-4, P.175.
- ↑ DeRogatis, Jim. Turn on Your Mind: Four Decades of Great Psychedelic Rock. s. 48.
- ↑ Icons of Rock. ABC-CLIO. s. 170–. ISBN 978-0-313-33845-8.
- ↑ Stephen Hamel. «Steves Beatles Page: Paperback Writer». Henta 15. desember 2008.
- ↑ «Paperback Writer by the Beatles Songfacts». Henta 15. desember 2008.
- ↑ Kent, David (2005). Australian Chart Book (1940–1969). Turramurra: Australian Chart Book. ISBN 0-646-44439-5.
- ↑ "The Beatles – Paperback Writer – Austriancharts.at" (på tysk). Ö3 austerriksk Topp 40. Hung Medien. Henta 14. mars 2018.
- ↑ "Ultratop.be – The Beatles – Paperback Writer" (på nederlandsk). Ultratop 50. Ultratop & Hung Medien / hitparade.ch. Henta 14. mars 2018.
- ↑ "RPM Top Singles." RPM. Library and Archives Canada. Retrieved 14. mars 2018.
- ↑ "The Irish Charts – Search Results – Paperback Writer". Irish Singles Chart. Retrieved 14. mars 2018.
- ↑ "Dutchcharts.nl – The Beatles – Paperback Writer" (på nederlandsk). Mega Single Top 100. Hung Medien / hitparade.ch. Henta 14. mars 2018.
- ↑ "Norwegiancharts.com – The Beatles – Paperback Writer". VG-lista. Hung Medien. Henta 14. mars 2018.
- ↑ «Swedish Charts 1966–1969/Kvällstoppen – Listresultaten vecka för vecka > Augusti 1966» (PDF) (på svensk). hitsallertijden.nl. Henta 25. juni 2017.
- ↑ "Archive Chart" UK Singles Chart. Official Charts Company. Henta 14. mars 2018.
- ↑ "Beatles?f=379&g=Singles The Beatles Album & Song Chart History" Billboard Hot 100 for The Beatles. Prometheus Global Media. Henta 14. mars 2018.
- ↑ Hoffmann, Frank (1983). The Cash Box Singles Charts, 1950-1981. Metuchen, NJ & London: The Scarecrow Press, Inc. s. 32–34.
- ↑ «Offizielle Deutsche Charts» (Enter «Beatles» in the search box) (på tysk). GfK Entertainment Charts. Henta 14. mars 2018.
- ↑ «American single salstrofé – The Beatles – Paperback Writer». Recording Industry Association of America. Henta 14. mai 2016. If necessary, click Advanced, then click Format, then select Single, then click SEARCH