«Here Comes the Sun» er ein song av The Beatles på albumet Abbey Road frå 1969. Songen er skriven av George Harrison og er ein av dei mest kjende Beatles-songane av Harrison ved sidan av «Something»
Songen hadde opphav i eit samarbeid mellom Harrison og den nære venen Eric Clapton som resulterte i songen «Badge», spelt inn med Clapton si dåverande gruppe Cream. Det var mellomspelet i songen, brua, som danna grunnlaget for «Here Comes the Sun». Den endelege versjonen av songen vart skriven i hagen til Clapton då Harrison prøvde å unngå dei endelause møta i Apple Records. 1969 var eit vanskeleg år for George Harrison; han vart arrestert for oppbevaring av cannabis, han hadde fått mandlane fjerna og han slutta mellombels i The Beatles. «Here Comes the Sun» vart skriven medan Harrison ei stund følte seg borte frå desse problema.
Medverkande
I følgje Ian MacDonald var besetninga til The Beatles på innspelinga som følgjer:
The Beatles
Orkesster
John Lennon var fråverande då songen vart spelt inn på grunn av ei trafikkulukke i Skottland.
Andre versjonar
Den afroamerikanske folk/soul-artisten Richie Havens, som vart kjent for konserten på Woodstock-festivalen, gav ut ein versjon av «Here Comes the Sun» i 1971 og nådde ein 16.-plass på den amerikanske Billboard-lista.
Den britiske gruppa Steve Harley & Cockney Rebel nådde tiendeplass på dei britiske listene i 1976 med sin versjon.
Jazz/soul-artisten Nina Simone gav i 1971 ut eit album med tittelen Here Comes the Sun, som mellom anna inneheldt hennar eiga særs personlege tolking av songen.
Kjelder
Bakgrunnsstoff