Adieu False Heart
Adieu False Heart er det 25. studioalbumet til den amerikanske songaren Linda Ronstadt, spelt inn i lag med cajunsongaren Ann Savoy og gjeve ut i juli 2006. Det nådde 146. plassen på Billboard-lista. Dette var det siste studioalbumet Ronstadt gav ut før ho pensjonerte seg i 2011 og avslørte at ho hadde fått Parkinsons sjukdom og ikkje lenger kunne syngje. Seinare vart diagnosen hennar endra. Ronstadt og Savoy hadde tidlegare sunge i lag på Savoy-albumet Evangeline Made: A Tribute to Cajun Music, der dei song i lag som The Zozo Sisters. Dette albumet er ei blanding av cajunmusikk og folkrock. Albumet inneheld ei tolking av The Left Banke-hitten «Walk Away Renée» frå 1966, Harry Belafonte-songen av John Jacob Niles frå 1950-åra, «Go Away From My Window», og den franske songen «Parlez-moi d'amour». Ronstadt syng solo på Julie Miller sin «I Can't Get Over You» med ektemannen til Miller, Buddy Miller på gita, medan Savoy syng solo på Richard Thompson-songen «Burns' Supper». Ronstadt sa om samarbeidet med Savoy: «Me kunne ha sydd eit sengeteppe, men me er musikarar, så me laga ei plate i lag i staden. Ho syng på fransk - eg snakkar ikkje fransk - men det tradisjonell kjærleik i dette bandet.»[4] Albumet vart spelt inn i Dirk Powell sitt Cypress House Studio i Louisiana med lokale musikarar, mellom anna frå Red Stick Ramblers og The Mamou Playboys, og Dirk Powell og Joel Savoy,. Albumet fekk blanda kritikk. Det vart nominert til to Grammyprisar for beste tradisjonelle folkealbum og beste lydteknikar. Innhald
Medverkande
Kjelder
|