We Ran er det 21. studioalbumet til den amerikanske songaren Linda Ronstadt, gjeve ut i juni 1998.
Ronstadt vart akkompagnert av bandet til Tom Petty, The Heartbreakers, i tillegg til Waddy Wachtel og Bernie Leadon. Albumet var produsert av Glyn Johns. Det låg to veker inne på albumlista til Billboard og nådde 160. plassen. Plata har ikkje vore i fysisk sal sidan 2009.
Ronstadt tolkar ei blanding av rockesongar av forskjellige låtskrivarar, som Bruce Springsteen, John Hiatt og Bob Dylan.
Stephen Thomas Erlewine i Allmusic skreiv: «Det er nokre spor her som er ganske keisame, og andre, som Bob Dylan-songen «Just Like Tom Thumb's Blues», passar ikkje den polerte stilen hennar, men det meste av albumet er likevel ganske hyggeleg.»[1]
Innhald
Medverkande
Produksjon
- Glyn Johns – produsent (spor 1, 2, 3, 5, 8, 10 & 11), miksing (spor 1, 2, 3, 5 & 7-11)
- Peter Asher – produsent (spor 4 & 6)
- George Massenburg – produsent (spor 4 & 6), miksing (spor 4 & 6)
- Linda Ronstadt – produsent (spor 6)
- Waddy Wachtel – produsent (spor 7 & 9)
- Bob Ludwig – mastering
- Ivy Skoff – prosjektkoordinator
- John Kosh – kunstnarisk leiar, design
- Ira Koslow – management
Kjelder
|
---|
Stone Poneys-album | |
---|
Studioalbum | |
---|
Samarbeid | |
---|
Samlealbum | |
---|
Hitsinglar | |
---|
Tilknytte artiklar | |
---|