Linda Ronstadt er det tredje studioalbumet til Linda Ronstadt, gjeve ut tidleg i 1972 på Capitol Records. Albumet selde dårleg, og førte til at ho vart droppa av plateselskapet. Det nådde 163. plassen på Billboard Pop Album-lista og 35. plassen på countrylista.
Historie
Før albumet vart spelt inn fekk Ronstadt gitaristen Glenn Frey til å setje saman eit turnéband for seg. Frey henta inn bandet til trommeslagaren Don Henley, Shiloh, som hadde kontrakt med Amos Records på same tid som det førre bandet til Frey, Longbranch Pennywhistle. Turnébandet vart utfylt med pedalsteelgitaristSneaky Pete Kleinow og produsenten John Boylan på gitar, som akkompagnerte Ronstadt på seks av ti spor på albumet, inkludert tre som var konsertopptak på The Troubadour i West Hollywood i California i mars 1971. Dei andre medlemmane bestod av den originale besetninga i Eagles med gitaristen Bernie Leadon og bassisten Randy Meisner, som spelte på andre spor på albumet som studiomusikarar. Meisner akkompagnerte Ronstadt på korvokal med livebandet på «Birds» og «Rescue Me». Ronstadt gjekk så med på å la Frey, Henley, Leadon og Meisner skipa Eagles etter at albumet kom ut. Andre kjende studiomusikarar på albumet var fiolinisten Gib Guilbeau, pedalsteelgitaristBuddy Emmons, munnspelspelaren Jimmy Fadden frå Nitty Gritty Dirt Band og Herb Pedersen på gitar, banjo og korvokal.
Etter dette albumet signerte Ronstadt for Asylum Records og spelte inn det neste albumet for dei, men på grunn av kontrakten hennar med Capitol, måtte ho gje ut det påfølgjande albumet, Heart Like a Wheel, i 1974 for dei. Ironisk nok vart det store gjennombrotet hennar.[4]