Jackson Browne

Jackson Browne

Browne i 2008
Fødd9. oktober 1948 (76 år)
FødestadHeidelberg i Vest-Tyskland
FødenamnClyde Jackson Browne
OpphavLos Angeles i California i USA
Aktiv1966 til i dag
SjangerRock, folk, countryrock, softrock
Instrumentgitar, piano, vokal
Tilknytte artistarWarren Zevon, Eagles, David Lindley, Waddy Wachtel, Bonnie Raitt, Clarence Clemons, David Crosby, Graham Nash, Neil Young, Linda Ronstadt, Joan Baez, Nitty Gritty Dirt Band, Bruce Springsteen, Little Steven, Dawes, Roy Orbison, the Chieftains.
PlateselskapElektra, Adrenaline Music Group, Inside, Asylum
Verka somSongar-låtskrivar, musikar, politisk aktivist
Prisar"Spirit of Americana" Free Speech Award, Gandhi Peace Award, Rock and Roll Hall of Fame

Clyde Jackson Browne (fødd 9. oktober 1948) er ein USA-amerikansk songar-låtskrivar og musikar som har selt over 18 millionar album i USA.[1] Han slo gjennom i 1970-åra og har skrive og spelt inn songar som «These Days», «The Pretender», «Running on Empty», «Lawyers in Love», «Doctor My Eyes», «Take It Easy», «For a Rocker» og «Somebody's Baby». I 2004 vart han innlemma i Rock and Roll Hall of Fame.[2]

På mange måtar var Browne kjernen i den sensitive songar-låtskrivar-bølgja i California tidleg i 1970-åra.[3] Berre Joni Mitchell og James Taylor kunne måle seg i forhold til påverknad på andre, men ingen annan artist fanga tidsanda i tida etter 60-åra like godt som Browne.[3] Mykje av musikken hans i 1970-åra var personleg, men klarte likevel å tale til den unge generasjonen på denne tida. Dei sjølvgranskande tekstane hans traff ei nerve, medan den tilbakelente folkrockstilen sette malen for mykje av musikken som kom frå California i 1970-åra.[3] Med dei fire førte albuma sine bygde Browne ein lojal tilhengjarskare som hjelpte han til å slå gjennom for fullt i 1976 med albumet The Pretender. Browne var på høgda av karrieren sin seint i 1970- og tidleg i 1980-åra. Utover i 1980-åra byrja Browne å lage ei rekkje politiske protestalbum, som gjorde at salstala fall, men han fekk eit lite comeback i 1993 med I'm Alive.

Biografi

Browne vart fødd i Heidelberg i Vest-Tyskland og familien hans flytta til Los Angeles då han var tre år gammal. Då han var tenåring hadde Browne utvikla ei interesse for folkemusikk. Han byrja å spele gitar og skrive songar, medan han song i lokale viseklubbar. Tidleg i 1966 vart han invitert med i Nitty Gritty Dirt Band, som han hadde møtt i visemiljøet i L.A. Han var berre med bandet nokre få månader, men gruppa spelte inn nokre av songane hans på dei to første albuma. Frå starten av 1967 hadde han signert ein forlagsavtale med Nina Music, ei avdeling under Elektra Records. Nina gjorde at Browne fekk songane sine på album av Tom Rush og Steve Noonan i 1968. I 1967 og 1968 budde han i Greenwich Village i New York, der han spelte i bandet til Tim Buckley. Browne byrja òg å arbeide med Nico, som spelte inn tre av songane hans på albumet Chelsea Girl. Då forholdet deira gjekk i oppløysing i 1968, reiste han attende til Los Angeles, der han prøvde å spele inn eit soloalbum utan hell og danne ei visegruppe med Ned Doheney og Jack Wilce. Browne fortsette å spele lokale klubbar og ryktet hans som låtskrivar byrja å vekse, og både Linda Ronstadt og the Byrds spelte inn songane hans. Mot slutten av 1971 signerte han ein avtale med David Geffen sitt Asylum Records.[3]

Jackson Browne kom ut våren 1972, som inneheldt hitsinglene «Doctor My Eyes». Kort tid etter «Doctor My Eyes» nådde topplasseringa, vart «Take It Easy», ein song Browne skreiv i lag med Glenn Frey, gjennombrotshitten til Eagles. Mange av songane frå debutalbumet hans, inkludert «Rock Me on the Water» og «Jamaica Say You Will», og vart visesong-standardar, men sjølve albumet etablerte ikkje Jackson som ei popstjerne, trass i hitsingelen. På det andre albumet hans, For Everyman i 1973, byrja han eit langvarig samarbeid med instrumentalisten David Lindley. For Everyman selde dårleg, men slo godt an hos den vesle tilhengjarskaren hans.[3]

Late for the Sky kom ut hausten 1974 og nådde ut til eit breiare publikum. Det nådde 14. plassen på albumlista i USA og selde til gullplate tidleg i 1975. Den første kona til Browne, Phyllis, tok sjølvmord våren 1976, men i kjølvatnet av denne tragedien spelte Browne inn det kommersielle gjennombrotsalbumet sitt, The Pretender.[3] Albumet klatra til topp 10 på albumlista hausten 1976 og selde til platinaalbum våren 1977. Om sommaren la Browne ut på ein langvarig turné, og spelte inn eit nytt album under turneen. Plata vart Running on Empty (1977), og vart ein større suksess enn forgjengaren, og nådde tredjeplassen på albumlista og inneheldt hitsinglane «Running on Empty» og «Stay/The Load-Out». På høgda av karrieren sin byrja Browne å ta opp politiske og samfunnsmessige saker, mellom anna ein protest mot bruk av atomenergi.

Suksessen til Hold Out i 1980 stadfesta populariteten til Browne. Albumet nådde toppen av albumlista i USA sommaren det året. Sommaren 1982 vart «Somebody's Baby» frå filmmusikken til Fast Times at Ridgemont High den største hitten til Browne, og klatra til sjuandeplassen på den amerikanske singellista. Albumet Laywers in Love vart eit anna hitalbum og var delt mellom kjærleikssongar og politiske protestar, med hitsinglane «Lawyers in Love», «Tender Is the Night» og «For a Rocker». Likevel synte albumet samfunnsmessig medvit som var enno sterkare på albumet Lives in the Balance i 1986. Albumet mangla hitsinglar, men den kraftige fordømminga av Ronald Reagen-tida vann eit publikum. Albumet låg inne på lista i over seks månader og selde til gullplate.

Browne heldt fram å skrive hovudsakleg politiske songar på World in Motion frå 1989, men dette vart det første albumet hans som ikkje selde til gullplate. Browne var roleg dei neste fire åra og arbeidde med forskjellige samfunnssaker og leid av eit smertefullt, offentleg brot med kjærasten, skodespelarinna Daryl Hannah. Han kom eit lite comeback hausten 1993 med albumet I'm Alive. Det bestod av personlege songar og skaffa han dei beste platemelsingane sine slutten av 1970-åra. Plata selde til gullplate, men inneheldt ingen store hittar. Våren 1996 gav Browne ut Looking East, som ikkje fekk den same merksemda som I'm Alive. I 2002 gav han ut The Naked Ride Home. To år seinare kom den doble The Very Best of Jackson Browne, samstundes med at Browne vart innlemma i Rock and Roll Hall of Fame av Bruce Springsteen. På denne tida byrja Browne å turnere med intime, akustiske konsertar verda over. I 2005 kom albumet Solo Acoustic, Vol. 1 frå desse konsertane. Solo Acoustic, Vol. 2 kom ut i 2008, medan eit album med nye songar, Time the Conqueror, kom ut seinare på året. Våren 2010 kom albumet Love Is Strange, etterfølgt av Live In Milan i 2011. Standing in the Breach kom ut i oktober 2014 og var det første albumet med nytt studiomateriale på seks år.

Diskografi

Kjelder

  1. «Gold & Platina Searchable Database». RIAA. Henta 21. februar 2013. «Use advanced search for Artist Name = Browne, Jackson» 
  2. «Jackson Browne :: Biography». JacksonBrowne.com. Arkivert frå originalen 15. mai 2008. Henta 17. august 2015. 
  3. 3,0 3,1 3,2 3,3 3,4 3,5 Jackson Browne på Allmusic

Bakgrunnsstoff

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Jackson Browne
Wikifrasar Wikifrasar har ei sitatsamling som gjeld: Jackson Browne

Read other articles:

1943 film The KansanDirected byGeorge ArchainbaudWritten byFrank Gruber (novel Peace Marshal)Harold Shumate (screenplay)Produced byLewis J. Rachmil (associate producer)Harry Sherman (producer)StarringRichard DixJane WyattAlbert DekkerCinematographyRussell HarlanEdited byCarroll LewisMusic byGerard CarbonaraProductioncompanyHarry Sherman ProductionsDistributed byUnited ArtistsRelease date September 10, 1943 (1943-09-10) Running time79 minutesCountryUnited StatesLanguageEnglish T...

 

 

CretoxyrhinaRentang fosil: Albium-Kampanium, 107.59–73.2 jtyl[1][2][3][4][5][6] PreЄ Є O S D C P T J K Pg N Cretoxyrhina mantelli Klasifikasi ilmiah Domain: Eukaryota Kerajaan: Animalia Filum: Chordata Kelas: Chondrichthyes Superordo: Selachimorpha Ordo: Lamniformes Famili: CretoxyrhinidaeGlückman, 1958 Genus: CretoxyrhinaGlückman, 1958 Spesies tipe Cretoxyrhina mantelli (punah)Agassiz, 1835 Spesies Cretoxyrhina denticulata Glückman...

 

 

Tennis ChannelCaractéristiquesCréation 2003Slogan The World's only 24/7 Tennis TV NetworkLangue AnglaisPays États-UnisStatut Thématique américaine privéeSiège social Santa Monica, CalifornieSite web tennischannel.comDiffusionAire États-Unismodifier - modifier le code - modifier Wikidata Tennis Channel est une chaîne de télévision, diffusée sur le câble aux États-Unis depuis 2003. L'actionnaire principal est le groupe de marketing IMG. Pete Sampras et Andre Agassi, tous deux anci...

This article is about the stage production. For the pinball machine featuring music from it, see The Who's Tommy Pinball Wizard. For The Who's original concept album, see Tommy (The Who album). For the film, see Tommy (1975 film). Rock musical The Who's TommyBroadway promotional posterMusicPete TownshendLyricsPete TownshendBookPete Townshend Des McAnuffBasisTommyby The WhoPremiere1 July 1992: La Jolla Playhouse, San DiegoProductions1992 San Diego1993 Broadway1996 West End2015 West End revival...

 

 

Częstochowa city with powiat rights (en)kotakota besar Częstochowa (pl) flag of Częstochowa (en) Moto«Częstochowa to dobre miasto» Tempat Negara berdaulatPolandiaProvinsi di PolandiaProvinsi Silesia Ibu kota dariCzęstochowa Voivodeship (en) (1975–1998)Częstochowa County (en) NegaraPolandia PendudukTotal213.107  (2021 )Bahasa resmiPolandia GeografiLuas wilayah159,71 km² [convert: unit tak dikenal]Ketinggian317 m Berbatasan denganGmina Kłobuck (en) Gmina Mykanów (en) ...

 

 

British boys' paper This article is about the comic series. For other uses, see Hotspur. HotspurIssue 1 of Hotspur (1933)Publication informationPublisherD. C. Thomson & Co.Publication date(story paper) 2 September 1933–17 October 1959(comic book) October 1959–January 1981No. of issues1197 (vol. 1)1110 (vol. 2) The Hotspur was a British boys' paper published by D. C. Thomson & Co. From 1933 to 1959, it was a boys' story paper; it was relaunched as a comic in October 1959, initially...

2020年夏季奥林匹克运动会马来西亚代表團马来西亚国旗IOC編碼MASNOC马来西亚奥林匹克理事会網站olympic.org.my(英文)2020年夏季奥林匹克运动会(東京)2021年7月23日至8月8日(受2019冠状病毒病疫情影响推迟,但仍保留原定名称)運動員30參賽項目10个大项旗手开幕式:李梓嘉和吳柳螢(羽毛球)[1][2]閉幕式:潘德莉拉(跳水)[3]獎牌榜排名第74 金牌 銀牌 銅�...

 

 

此条目序言章节没有充分总结全文内容要点。 (2019年3月21日)请考虑扩充序言,清晰概述条目所有重點。请在条目的讨论页讨论此问题。 哈萨克斯坦總統哈薩克總統旗現任Қасым-Жомарт Кемелұлы Тоқаев卡瑟姆若马尔特·托卡耶夫自2019年3月20日在任任期7年首任努尔苏丹·纳扎尔巴耶夫设立1990年4月24日(哈薩克蘇維埃社會主義共和國總統) 哈萨克斯坦 哈萨克斯坦政府...

 

 

كأس رابطة الأندية الإنجليزية المحترفة 1974–75 تفاصيل الموسم كأس رابطة الأندية الإنجليزية المحترفة  النسخة 15  البلد المملكة المتحدة  التاريخ بداية:19 أغسطس 1974  نهاية:1 مارس 1975  المنظم دوري كرة القدم الإنجليزية  البطل أستون فيلا  عدد المشاركين 92   كأس رابطة �...

2022 live album by Jerry Garcia and Merl SaundersGarcia Live Volume 18Live album by Jerry Garcia and Merl SaundersReleasedJune 10, 2022RecordedNovember 2, 1974VenueKeystone BerkeleyGenreRock, rhythm and bluesLabelATOProducerMarc Allan, Kevin MontyMerl Saunders and Jerry Garcia chronology Garcia Live Volume 15(2020) Garcia Live Volume 18(2022) Jerry Garcia chronology Garcia Live Volume 17(2021) Garcia Live Volume 18(2022) Garcia Live Volume 19(2022) Garcia Live Volume 18 is a two-CD al...

 

 

Cloud computing platform by Microsoft Not to be confused with Mozilla Azure. This article contains content that is written like an advertisement. Please help improve it by removing promotional content and inappropriate external links, and by adding encyclopedic content written from a neutral point of view. (November 2020) (Learn how and when to remove this message) Microsoft AzureDeveloper(s)MicrosoftInitial releaseOctober 27, 2008; 15 years ago (2008-10-27)[1]Operat...

 

 

一中同表,是台灣处理海峡两岸关系问题的一种主張,認為中华人民共和国與中華民國皆是“整個中國”的一部份,二者因為兩岸現狀,在各自领域有完整的管辖权,互不隶属,同时主張,二者合作便可以搁置对“整个中國”的主权的争议,共同承認雙方皆是中國的一部份,在此基礎上走向終極統一。最早是在2004年由台灣大學政治学教授張亞中所提出,希望兩岸由一中各表�...

Lenape chief For other uses, see White Eyes (disambiguation). White EyesKoquethagechtonLenape leaderPreceded byNetawatwees (Newcomer) Personal detailsBornc. 1730Pennsylvania?DiedNovember 1778Spouse(s)Rachel Doddridge, d. 1788RelationsSon was raised by his friend, George MorganChildrenGeorge Morgan White Eyes (1770?–1798)Known forNegotiated a Lenape state; peace emissary in Lord Dunmore's War; trader, tavern keeper; founded settlement near present day Coshocton, OHNicknameGeorge White Eyes W...

 

 

History of status with IRS Part of a series onScientology General Scientology Dianetics Timeline History L. Ron Hubbard Publications Glossary Beliefs and practices Thetan Auditing Bridge to Total Freedom OT Xenu Ethics and justice Church of Scientology Officials and staff Sea Org David Miscavige Controversies Litigation Status by country Suppressive person Disconnection Fair game RPF The Hole Office of Special Affairs Guardian's Office War on psychiatry More The tax status of the Church of Sc...

 

 

Mass shooting in Melbourne, Victoria, Australia This article needs additional citations for verification. Please help improve this article by adding citations to reliable sources. Unsourced material may be challenged and removed.Find sources: Hoddle Street massacre – news · newspapers · books · scholar · JSTOR (September 2015) (Learn how and when to remove this message) Hoddle Street massacreHoddle Street massacre (Melbourne)Show map of MelbourneHoddle...

This article is about notable Real Zaragoza players. For a list of all Real Zaragoza players with a Wikipedia article, see Category:Real Zaragoza players. For the current Real Zaragoza first-team squad, see Real Zaragoza § Current squad. Ewerthon, pictured here scoring for Terek Grozny in Russia in 2011, holds the record for most goals in a single season, netting 28 times during 2008–09 Real Zaragoza is an association football club based in Zaragoza, Spain, that plays in the Segu...

 

 

Municipality in the north of the Brazilian state of Minas Gerais This article is about municipality in Brazil. For the song, see Juramento (song). For the subway station, see Juramento (Buenos Aires Underground). Location of Juramento in the state of Minas Gerais Juramento is a municipality in the north of the Brazilian state of Minas Gerais. As of 2020[update] the population was 4,345 in a total area of 432 km2.[1] It became a municipality in 1953. Juramento is located 4...

 

 

Region on Long Island, New York, US This article is about the region on Long Island. For the incorporated village within the region, see Great Neck (village), New York. Region in New York, United StatesGreat Neck Madnan's NeckRegionMiddle Neck Road in Great Neck. This road runs along the center of the Great Neck Peninsula.Great NeckLocation within the state of New YorkCoordinates: 40°47′14″N 73°43′38″W / 40.78722°N 73.72722°W / 40.78722; -73.72722Country...

Battaglia di Resaca de la Palmaparte della guerra messico-statunitenseCarica del 2º Reggimento Dragoni statunitense contro gli artiglieri messicani a Resaca de la PalmaData9 maggio 1846 LuogoPresso Brownsville, Texas EsitoDecisiva vittoria statunitense Schieramenti Stati Uniti d'America Messico ComandantiZachary TaylorMariano Arista Effettivi17004000 Perdite33 morti89 feriti154 morti205 feriti156 dispersi Voci di battaglie presenti su Wikipedia Manuale V · D · MGuerra m...

 

 

Agente 007 - L'uomo dalla pistola d'oroFrancisco Scaramanga (Christopher Lee), con la sua pistola d'oro, e Andrea Anders (Maud Adams) in una scena del filmTitolo originaleThe Man with the Golden Gun Paese di produzioneRegno Unito Anno1974 Durata125 min Rapporto1,66:1 Generespionaggio, azione, avventura RegiaGuy Hamilton Soggettodal romanzo di Ian Fleming SceneggiaturaRichard Maibaum, Tom Mankiewicz ProduttoreAlbert R. Broccoli, Harry Saltzman Casa di produzioneEON Productions Fotograf...