Etter det førre albumet hennar, Mad Love i 1980, hadde karrieren til Ronstadt teke ho bort frå countryrocken ho hadde slått gjennom med i 1970-åra. I 1980-1981 gjekk ho inn i lett opera på Broadway (The Pirates of Penzance), og under produksjonen av musikalen fekk ho eit ønske om å spele inn eit album med standardsongar. I 1981, spelte ho inn albumet Keeping Out of Mischief med produsenten Jerry Wexler, men var ikkje nøgd med kvaliteten og skrinla utgjevinga.[1] Sjølv om ho seinare prøvde seg på nytt og enda opp å gje ut ein trilogi med album i lag med Nelson Riddle, spelte ho inn Get Closer for å gjere selskapet hennar nøgd. Her gjekk Ronstadt attende til sjangrar som hadde gjeve ho stor suksess i 1970-åra, igjen med produsenten Peter Asher.
Albumet inneheld to originale spor, som var tidlegare spelt inn av andre artistar, men ikkje gjeve ut på album før. Den første var ein song av George Jones, «Sometimes You Just Can't Win», som vart spelt inn i juni 1977 med J.D. Souther på harmonivokal og meint for albumet Simple Dreams. Den andre var ein Dolly Parton-song frå 1971, «My Blue Tears», som vart framført med Parton og Emmylou Harris som ein del av eit planlagt trio-album som det ikkje vart noko etter at dei var i studio i lag i januar 1978. Dei spelte seinare inn og gav ut albumet Trio i 1987. Get Closer inneheld ein duett med James Taylor i ein versjon av Ike andTina Turner sin «I Think It's Gonna Work Out Fine». Minst to songar, «Tell Him» og «Get Closer», vart spelt inn i 1981.
Asylum Records gav ut Get Closer seint i september 1982.[5] Kritikarane skreiv om ein ny sjølvtillit i vokalen til Ronstadt. Ken Tucker i Rolling Stone skreiv at «røysta til Linda Ronstadt har aldri vore betre enn på Get Closer...»[4]
Albumet selde skuffande og nådde 31. plassen på den amerikanske albumlista til Billboard seint i 1982,[6] og vart det første albumet hennar som ikkje nådde topp 5 på albumlsita sidan 1973. Det selde likevel til gullplate for eit sal på over 500 000 eksemplar, og hadde selt over 900 000 i USA aleine før det gjekk ut av salslista.
Det drivande tittelsporet, «Get Closer», vart skriven avJon Carroll,[7] som var medlem av Starland Vocal Band. Songen har ein uvanleg 7/4-takt og vart seinare nytta i ein reklamefilm for tannkremen Close-Up. Med hjelp av ein populær musikkvideo på MTV nådde «Get Closer» 29. plassen på Billboard Hot 100 og topp 20 på Cash Box-lista. Han vart mykje spelt på AOR-radio. Oppfølgjaren, «I Knew You When», fekk òg god hjelp av ein populær musikkvideo og nådde 37. plassen på poplista, 25. plassen på Adult Contemporary-lista og 84. plassen på countrylista.
Ronstadt si tolking av Jimmy Webb-songen «Easy For You To Say», vart ein overraskande topp 10-hit på Billboard Adult Contemporary-lista våren 1983. «Sometimes You Just Can't Win», B-sida til singelen «Get Closer», nådde 27. plassen på BillboardHot Country Songs-lista.[8]
Ronstadt vart nominert i 1983 for Grammyprisen for beste kvinnelege popsong og beste kvinnelgee rockesong for albumet og songen «Get Closer», men tapte for høvesvis Melissa Manchester og Pat Benatar.[9] Albumet vann derimot Grammyprisen for beste plateomslag, som gjekk til designarane Ron Larson og Kosh.