Tucson (uttale/ˈtusɑn/) er den nest største byen i delstaten Arizona i USA. Han er òg sete for Pima-fylket («county»). Folketeljinga i 2004 sette folkesetnaden innanfor bygrensene til 521 605, og til 931 210 for Tucson og omland.
Tucson vart truleg først vitja av paleo-indianarane, som kom dit for rundt 12 000 år sidan. Nyare arkeologiske utgravingar ved Santa Cruz-elva har funne ein landsby som er 4 000 år gammal. Frå rundt 1200 f.kr til 50 e.kr dreiv dei lokale innbyggjarane med jordbruk. Dei hadde omfattande vatningsanlegg, og planta mais, bønner og andre vekstar. I tillegg sanka dei lokale vekstar og drev med jakt. Hohokam-indianarane budde i området rundt 600–1450 e.kr
I 1900 budde det 7 531 menneske i Tucson. Folkesetnaden auka gradvis til 13 913 i 1910, 20 292 i 1920, og 36 818 i 1940.
Klima
Tucson har i hovudsak to årstider, sommar og vinter. Sommaren i Tucson varar typisk frå mai til oktober. Tucson har òg monsun som vanlegvis startar i byrjinga av juli og varar i omtrent åtte veker.