Harry Belafonte (1. mars1927–25. april2023) var ein jamaicansk-amerikansk songar og skodespelar. Han var særleg kjend for å ha gjort den melodiøse og rytmiske calypso-musikken frå dei karibiske øyane verdskjend på 1950- og 1960-talet, men han song òg balladar, viser, negro spirituals, musikalnummer og anna, framført med ein karakteristisk mjuk og varm stemme. Belafonte brukte òg kjendisstatusen sin for å fronte kampen for menneskerettar.
Liv og virke
Bakgrunn
Belafonte vart fødd i Harlem i New York City som son av Harold George Bellanfanti sr. frå Martinique og Melvine frå Jamaica. Belafonte fekk namnet Harold George Bellanfanti jr. etter faren. Frå 1932 til 1939 budde han hos bestemora på Jamaica.
Etter opphaldet på Jamaica kom han attende til New York, der han gjekk på George Washington High School, deretter gjekk han inn i US Navy under andre verdskrigen. Belafonte var ei aktiv støtte av den amerikanske borgarrettsrørsla og var sidan særs involvert i veldedigheitsarbeid og politisk aktivisme.
Karriere
På slutten av 1940-talet gjekk han på teaterskole og fekk deretter jobb ved ulike teater. For innsatsen sin i musikalen Almanac vann han ein Tony, som vert sagt å vera teateret sin Oscar.
Harry Belafonte er kanskje mest kjend for sin fremføring av «Banana Boat Song», med det kjende uttrykket «Day-O». Gjennombrotalbumet hans Calypso (1956) var det første albumet som selde over 1 million eksemplar. Han var den første afro-amerikanaren som vann ein Emmy-pris, med det første TV-programmet sitt Tonight with Belafonte.
Harry Belafonte har i tillegg til å spela inn ei mengd plater og heldt konsertar. Han spelte òg fleire rollar på teater, i filmar og i fjernsynsproduksjonar. I 2000 vart han tildelt Grammy Lifetime Achievement Award for bidraga sine i platebransjen. Han har dessutan blant anna fått ei stjerne på Hollywood Walk of Fame. Belafonte er innehavar av den sørafrikanske Ordenen O. R. Tambos følgjevener.
Harry Belafonte var ein nær medarbeider av Martin Luther King jr. på 1960-talet og bidrog økonomisk til hans borgerettighetkampanjer. Belafonte er òg vorte utnemnd til goodwill-ambassadør for UNICEF.
Belafonte har dei siste åra markert seg som skarp motstandar av amerikansk utanrikspolitikk.
I 2011 kom Sing Your Song, ein dokumentarfilm om Harry Belafontes karriere og liv.
Ei av døtrene til Harry Belafonte, Shari Belafonte, er fotograf, skodespelar og modell.
Plateutgjevingar
1954: "Mark Twain" and Other Folk Favorites
1955: Three for Tonight (Original Soundtrack)
1956: Belafonte
1956: Calypso
1957: Belafonte Sings of the Caribbean
1957: Evening with Belafonte
1958: Belafonte Sings the Blues
1958: Presenting the Belafonte Singers
1959: Belafonte at Carnegie Hall
1959: Cheers: Drinking Songs Around the World
1959: Love Is a Gentle Thing
1959: Porgy & Bess
1960: Belafonte Returns to Carnegie Hall
1960: My Lord What a Mornin'
1960: Swing Dat Hammer
1961: At Home and Abroad
1961: Jump Up Calypso
1962: Many Moods of Belafonte
1962: Midnight Special
1962: To Wish You a Merry Christmas
1963: Streets I Have Walked
1964: Ballads, Blues and Boasters
1964: Belafonte at the Greek Theatre
1965: An Evening with Belafonte/Makeba
1966: An Evening with Belafonte/Mouskouri
1966: Belafonte-En Gränslös Kväll På Operan (An Evening Without Borders at the Operahouse)