Mahseya (hebraisk מַחְסֵיָה) er ein moshav sentralt i Israel. Han ligg nær Beit Shemesh i Mateh Yehuda regionale kommune. I 2006 hadde han eit folketal på 385.
Landsbyen vart grunnlagd i 1950 av innvandrarar frå Marokko og Jemen. Han vart seinare fråflytta og så busett på ny av Cochini-jødar. Namnet er henta frå Jeremias bok 32:12:
Eg gav det til Baruk, son til Neria, Mahsejas son, framfor auga på Hanamel, syskenbarnet mitt, og vitna som hadde skrive under på skøytet, og alle dei judearane som heldt til i vaktgarden.