Eshtaol (hebraisk אֶשְׁתָּאוֹל) er ein moshav sentralt i Israel. Han ligg nord for Beit Shemesh i Mateh Yehuda regionale kommune. I 2011 hadde Eshtaol 1087 innbyggjarar.
Historie
Eshtaol ligg i området som høyrte til Dan-stamma (Josva 19:41). I følgje Bibelen, byrja Samson profetiet sitt «mellom Sora og Esjtaol» (Domarane 13:25). Etter han døydde i Gaza, vart lekamen til Samson ført attende for å gravleggast i grava til faren mellom Esjatol og Sora (Domarane 16:31). Fem speidarar frå Esjatol og Sora vart sende ut for å finne eit høvande landområde for Dan-stamma. (Domarane 18:1-29).[1]
Den moderne Eshtaol vart grunnlagd på landområdet til to avfolka palestinsk-arabiske landsbyar, Ishwa' og Islin[2][3] etter den arabisk-israelske krigen i 1948. Det var eit leidd i ein plan å grunnleggje busetnader i Jerusalemkorridoren for å skape ei kontinurleg blokk mellom kystsletta og Jerusalem. Dei første innbyggjarane var jødiske emigrantar frå Jemen, som slo seg ned her i desember 1949. Dei arbeidde med drenering for å skape jordbruksland og skogsdrift.
Sjå òg
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Eshtaol» frå Wikipedia på engelsk, den 12. oktober 2014.
- Golani, Amir (27/11/2008): Eshta’ol, Hadashot Arkheologiyot – Excavations and Surveys in Israel, No. 120.
- Solimany, Gideon (11/03/2009): Eshta’ol Junction, Hadashot Arkheologiyot – Excavations and Surveys in Israel, No. 121.
- Golani, Amir and Dan Storchan (01/01/2009): Eshta’ol, Hadashot Arkheologiyot – Excavations and Surveys in Israel, No. 121.
- Freikman, Michael (23/07/2010): Eshta’ol, Hadashot Arkheologiyot – Excavations and Surveys in Israel, No. 122.
- Storchan, Dan (20/12/2010): Eshta’ol, Survey of Sha‘ar Ha-Gāy–Hartuv Junctions, Hadashot Arkheologiyot – Excavations and Surveys i Israel, No. 122.
- Storchan, Dan (22/11/2012): Eshta’ol, Hadashot Arkheologiyot – Excavations and Surveys in Israel, No. 124.
Bakgrunnsstoff