Luzit (hebraisk לוּזִית) er ein moshav sentralt i Israel. Han ligg mellom Beit Shemesh og Kiryat Gat i Mateh Yehuda regionale kommune. I 2006 hadde han eit folketal på 344.
Landsbyen vart grunnlagd i 1955 av emigrantar frå Nord-Afrika, og først kalla Dir Duban Bet etter den avfolka palestinsk landsbyen Dayr al-Dubban. Han fekk seinare namnet Luzit etter mandeltrea som er vanlege i området.