Ksalon (hebraisk כְּסָלוֹן) er ein moshav sentralt i Israel. Han ligg nær Beit Shemesh i Mateh Yehuda regionale kommune. I 2006 hadde han eit folketal på 314.
Landsbyen vart grunnlagd i 1952 av emigrantar frå Jemen. Han vart kalla opp etter den bibelske byen Ksalon (Josva 15:10),[1] eit namn som var bevart i den fråflytta arabiske landsbyen Kasla.
Etter landsbyen var grunnlagd flytta emigrantar frå Romania inn. Landsbyen vart seinare fråflytta og busett på ny i 1955 av emigrantar frå Marokko og Tunisia.
Kjelder
- ↑ Carta's Official Guide to Israel and Complete Gazetteer to all Sites in the Holy Land. (3rd edition 1993) Jerusalem, Carta, s.268, ISBN 965-220-186-3 (English), Yizhaqi, Arie (ed.): Madrich Israel (Israel Guide: An Encyclopedia for the Study of the Land), Vol.9: Judea, Jerusalem 1980, Keter Press, s.383 (hebraisk), Bitan, Hanna: 1948-1998: Fifty Years of 'Hityashvut': Atlas of Names of Settlements in Israel, Jerusalem 1999, Carta, s.31, ISBN 965-220-423-4 (hebraisk)