Agur (hebraisk עָגוּר) er ein moshav sentralt i Israel. Han ligg nær Beit Shemesh i Mateh Yehuda regionale kommune. I 2011 hadde han eit folketal på 465.[1]
Landsbyen vart grunnlagd i 1950 av kurdiske jødar som flykta frå nordlege Irak og Iran.[2] Han er kalla opp etter den arabiske landsbyen Ajjur, som vart erobra i oktober 1948 av den fjerde bataljonen til Giv'ati-brigaden som ein del av Operasjon Yoav.
Det finst vingardar i Agur.[3]
Kjelder