Kjell-Børge Freiberg (fødd 27. april 1971) er ein norsk politikar for Framstegspartiet. Han var ordførar i Hadsel frå 2007 til 2015. Frå 31. august 2018 er han olje- og energiminister i regjeringa Solberg.[1]
Freiberg vart vald med støtte frå representantane til Framstegspartiet, Høgre, Venstre og den lokale felleslista. Freiberg er den første og til no den einaste ordføraren frå Framstegspartiet i Nordland.[2]
Han vart vald som stortingsrepresentant frå Nordland fylke ved stortingsvalet i 2017.[3]