Juan Carlos I-basen er ein stasjon kalla opp etter kongen av Spania, Juan Carlos I (spansk Base Antártica Española Juan Carlos Primero), og er ein sesongbasert stasjon (november til mars) driven av Spania. Basen opna i januar 1988. Han ligg på Hurd Peninsula på Livingston Island i Sør-Shetlandsøyane i Antarktis.
Basen ligg på kysten av Española Cove i South Bay, nord i forberga av Mount Reina Sofía og 2,7 km sør-sørvest for den bulgarske basen St. Kliment Ohridski. Dei to basane har samband via ei 5,5 km lang rute over Johnsonsbreen, Charrua Gap, Contellbreen og Krum Rock.
Sjå òg
Kjelder
Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Juan Carlos I Antarctic Base» (innhald frå Geographic Names Information System).
Bakgrunnsstoff