Antarktistraktaten![]() ![]() Antarktistraktaten og tilknytte avtalar, som i lag vert kalla Antarktistraktatsystemet eller ATS, regulerer internasjonale forhold med omsyn til Antarktis, det einaste kontinentet på jorda utan innfødde folkeslag. Avtalen dekkjer alle landområde og isbremmar sør for 60 °S. Traktaten, som trødde i kraft i 1961 og som i dag 50 nasjonar har skrive under på, definerer Antarktis som eit vitskapleg reservat med fridom til å utføre vitskaplege utforskingar samstundes som han forbyr all militær aktivitet på kontinentet. Traktaten var den første nedrustingskontrollavtalen som vart oppretta under den kalde krigen. Hovudkvarteret til sekretariatet for Antarktistraktaten har sidan september 2004 lege i Buenos Aires i Argentina.[1] AntarktistraktatenHovudavtalen vart opna for underskriving 1. desember 1959 og tredde offisielt i kraft 23. juni 1961.[2] Dei originale underskrivarane var dei tolv landa som var aktive i Antarktis under Det internasjonale geofysiske året (IGY) 1957–58. Desse var Argentina, Australia, Belgia, Chile, Frankrike, Japan, New Zealand, Noreg, Sør-Afrika, Sovjetunionen, Storbritannia og USA. Desse landa hadde oppretta over 50 stasjonar i Antarktis for IGY. Avtalen var eit diplomatisk uttrykk for det operasjonelle og vitskaplege samarbeidet ein hadde fått til «på isen». Paragrafar Antarktistraktaten
Hovudmålet til ATS er å sikre at interessene for alle menneske om at Antarktis til evig tid utelukkande skal nyttast til fredlege føremål og ikkje skal verte åstad for internasjonale usemjer.. Traktaten forbyr alle tiltak av militær natur, men ikkje nærvær av militært personell. Andre avtalar![]() Andre avtalar — kring 200 anbefalingar som ein har kome fram til og ratifisert på medlemsmøta — omfattar:
MøterAntarktistraktaten sine årlege konsultasjonsmøte (ATCM) er eit internasjonalt forum for styre og administrasjon av regionen. Berre 28 av dei 49 deltakarlanda har rett til å delta i avgjersler ved desse møta, sjølv om dei 21 andre landa har lov å delta på møtet. Dei avgjersledeltakande landa er Rådgjevande partar og, i tillegg til dei 12 originale underskriftslanda, omfattar dette 16 land som har synt interessa si i Antarktis ved å utføre omfattande vitskapleg aktivitet der.[3] Medlemmar![]()
* Krav overlappar. ** Reservert rett til å krevje område. I 2012 er det 50 medlemsland der 28 har rådgjevande makt og 22 møterett. Av dei rådgjevande medlemslanda med stemmerett omfattar dette dei sju landa som har gjort krav på Antarktis som eit nasjonalt territorium. Dei 22 andre nasjonane har ikkje anerkjent krava til dei andre, og heller ikkje erklært at dei har tatt ei stilling til det. Sjå ògKjelder
Bakgrunnsstoff
|