Hurd Peninsula ligg mellom South Bay og False Bay på sørkysten av Livingston Island i Sør-Shetlandsøyane i Antarktis. Den spanske Juan Carlos I-basen og den bulgarske St. Kliment Ohridski-basen ligg på vestkysten av halvøya.
Halvøya vart namngjeven av UK Antarctic Place-Names Committee i 1961 etter kaptein Thomas Hurd i Royal Navy, som var den andre hydrografen i Admiralitetet, 1808–23, og som sette i gang ei systematisk sjøoppmåling, og under han kartla løytnant Edward Bransfield i 1820 Bransfield Strait-området.[1]
Kjelder
Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Hurd Peninsula» (innhald frå Geographic Names Information System).