United States Geological Survey (USGS, norsk USAs geologiske undersøkingar) er eit statleg, vitskapleg byrå i USA. Forskarar i USGS studerer landskapet i USA, naturressursar og naturfarar som trugar landet. Byrået har fire store fagfelt som omfattar biolog, geografi, geologi og hydrologi. USGS er ein forskingsorganisasjon som søker etter informasjon og har ikkje nokre lovmessig ansvarsområde.
Byrået er underlagt Innanriksdepartmentet i USA og er dette departmentet sitt einaste vitskaplege byrå. USGS har kring 8500 tilsette[1] og har hovudkvarter i Reston i Virginia. USGS har òg store kontor i Lakewood i Colorado og Menlo Park i California.
Mottoet til USGS er «Vitskap for ei verd i endring.»[2]
USGS er Noreg sitt svar på Noregs geologiske undersøkingar og Statens kartverk.
Leiarar
Kjelder
Bakgrunnsstoff