Australia tok over Wilkes etter det internasjonale geofysiske året, men dei amerikanske bygningane var ikkje mogeleg å bruke fordi isen hadde bygd seg opp kring dei. Australia bygde den første Casey-basen like ovanom, på sørsida av Newcomb Bay seint i 1960-åra. Desse bygngingane var eit unikt forsøk på å unngå isproblemet ved å heve bygningane på stylter, slik at vinden kunne blse under bygningane. I tillegg vart bygningane knytte saman med ein bølgjeblikktunnel. Dette håpte ein skulle hindre snøen i å bygge seg opp år for år, medan personellet kunne flytte seg mellom bygningane utan å gå ut i friluft. Det fungerte ei tid.
Den noverande Casey-stasjonen («Red Shed») vart bygt seint i 1980-åra. Bygningen vart prefabrikkert i Hobart på Tasmania av Contas Pty Ltd, og frakta til Antarktis. Den store bygnignen vart først teken i bruk i 1988.
Flystriper
Casey er eit viktig transportknutepunkt for det australske forskingsprogrammet i Antarktis med flyruter til frå Hobart til Wilkins ice runway, 5 km inn for Casey-stasjonen. Det første flyet som landa her var eit Airbus A319 den 9. desember 2007.
Dem mindre Casey Station Skiway ligg 8 km aust for stasjonen og opna 30. desember 2004.