Maitri er den andre permanente stasjonen til India i Antarktis. Han vart bygd og stod ferdig i 1989, kort tid før den første stasjonen Dakshin Gangotri vart gravlagd i is og fråflytta i 1990–91.[1] Maitri ligg i eit snøfritt fjellområde kalla Schirmacheroasen i Dronning Maud Land.
Anlegg
Stasjonen har moderne fasilitetar til å utføre forsking innan forskjellige område, som biologi, geovitskapar, glasiologi, atmosfæriske vitskapar, meteorologi, ingeniørfag i kalde miljø, kommunikasjon, fysiologi og medisin. Han har ein kapasitet til å ta imot 25 menneske om vinteren. Ferskvatn får basen frå Tannvatnet, som ligg føre Maitri.