Novolazarevskajabasen (russisk Станция Новолазаревская) er ein russisk, tidlegare sovjetisk, forskingsstasjon i Antarktis. Stasjonen ligg i Schirmacheroasen i Dronning Maud Land, 75 km frå kysten av Antarktis, som han er skild frå av Lazarevisen. Han vart opna 18. januar 1961 av Den sjette sovjetiske antarktisekspedisjonen. Om sommaren kan opp mot 70 personar ha plass her.
Novolazarevskaja har ei flystripe. I 2010 starta GLONASS arbeid på Novolazarevskaja. Refernasestasjonestasjonen gjer at personellet på Novolazarevskaja har tilgang til Internett.