Vostok-stasjonen. Den stripete bygningen til venstre er kraftstasjonen, medan den stripete bygningen til høgre er der forskarane bur. Bygningen i bakgrunnen med ei raud- og kvitstripa kule på toppen, er meteorologibygningen. Det vart grave ut tunnelar i isen for lagring, der temperaturen held seg på -55 ºC året rundt. (foto: Todd Sowers LDEO, Columbia University, Palisades, New York.
Stasjonen ligg 3488 meter over havet og er ein av dei mest isolerte stasjonane på kontinentet..[2] Stasjonen får forsyningar frå Mirny-stasjonen ved kysten av Antarktis.[3] Stasjonen består vanlegvis av 25 forskarar og inteniørar om sommaren, og om vinteren ned mot 13.[4]
I 1974 gjorde britiske forskarar radarmålingar frå fly i Antarktis og fekk uvanlege signal frå staden.[6] I 1991 nytta Jeff Ridley ved Mullard Space Science Laboratory ved University College London ein europeisk satellitt kalla ERS-1 til å gjere målingar mot midten av den antarktiske innlandsisen. Dette stadfesta funnet frå 1974,[7], men oppdaginga vart først publisert i 1993 i Journal of Glaciology. Den rombaserte radaren avslørte at det var ein flytande ferskvassinnsjø under den tjukke isen. Vostoksjøen er den største subglasiale innsjøen i verda og er ein av kring 140 slike innsjøar i Antarktis. Russiske og britiske forskarar skissert innsjøen i 1996 ved å nytte forskjellige data, mellom anna radar frå lufta og satellittar. Vostoksjøen ligg kring 4 000 meter under overflata av den antarktiske innlandsisen og dekkjer eit areal på 14 000 km².[8]
Klima
Vostok-stasjonen har eit innlandsisklima med lange, særs kalde vintrar og ein kort, iskald sommar. Klimaet er ekstremt tørt og i snitt kjem det berre 20,8 mm nedbør i året.
Vostok er den kaldaste staden på jorda. I løpet av den lange vinteren er middeltemperaturen kring -65 ºC, og på den korte sommaren kring -30 ºC.[2]
Den lågaste temperaturen som nokon gong er målt på jorda vart gjort ved Vostok den 21. juli 1983. Det vart då målt -89,2 ºC,[11] og den tidlegare rekorden på stasjonen på -88,3 °C frå 24. august 1960 vart slått.[12]
Det vart rapportert at Vostok målte ein temperatur på -91 grader vinteren 1997, men dette er ikkje stadfesta.[13]
Den høgaste temperaturen som er målt på Vostok er -12,2 ºC, som skjedde 11. januar 2002.[10] Den kaldaste månadsmiddeltemperaturen som er målt var i august 1987 med -75,4 ºC og den høgaste månadsmiddeltemperaturen var i desember 1989 med -28 ºC.[9]
I tillegg til at det er særs kaldt er det andre faktorar som gjer Vostok til ein av dei vanskelegaste plassane på jorda å opphalde seg:
Mørketid som varer kring 130 dagar, frå midten av april til seint i august,[14].
Det tar ei veke til to månader å akklimatisere seg til slike tilhøve, og personane som arbeider her slit i perioden med hovudverk, rykningar i augo, øyreverk, naseblod, kjensle av kvelning, brå aukar i blodtrykk, søvnmangel, redusert appetitt, oppkast, ledd- og muskelsmerter, leddbetennelse og vekttap på 3,5 kg, og stundom opp mot 12 kg.