Den austantarktiske iskappa, innlandsisen eller iskalotten er ein av to store innlandsisar i Antarktis og den største på heile planeten. Innlandsisen ligg mellom 45 °V og 168 °E og er langt større i areal og masse enn Den vestantarktiske innlandsisen. Dei transantarktiske fjella skil dei to innlandsisane. Den austantarktiske innlandsisen kviler på ein stor landmasse, i motsetnad til Den vestantarktiske innlandsisen, som hovudsakleg ligg på berggrunn under havnivå.[1] Den austantarktiske innlandsisen består av den tjukkaste isen i Antarktis og er på det tjukkaste 4 800 meter tjukk. Meir kjend er innlandsisen for at Sørpolen ligg her.
Det er 29 kjende fjell i Aust-Antarktis som når ei høgd på over 2000 meter over havet.
Endringar i ismasse
Det noverande internasjonale fokuset på global oppvarming har gjort at smeltinga av dei polare innlandsisane har fått mykje merksemd. Ein studie basert på gravitasjonsendringar i Den austantarktiske innlandsisen indikerer at isen mistar masse med ein rate på 57 milliardar tonn is per år[2] og at den samle antarktiske innlandsisen (inkludert Den vestantarktiske innlandsisen og kystområda) mistar masse med ein rate på 152 kubikkilometer (ca. 139 milliardar tonn) per år.[3]
Temperaturendringar
Avkjøling i Aust-Antarktis i 1980-åra og 1990-åra har delvis oppheva oppvarminga av innlandsisen i Vest-Antarktis, som har blitt meir enn 0,1 °C/tiår dei siste 50 åra. Den samla temperaturendringa for heile Antarktis er òg positiv med meir enn 0,05 °C/tiår sidan 1957.[4]
Mange land har gjort krav på delar av Antarktis. Innanfor Den austantarktiske innlandsisen har Storbritannia, Frankrike, Noreg, Australia, Chile og Argentina alle sine kravområda (stundom overlappande).