Området strekkjer seg frå Queen Mary Coast i vest ved 100°28' A til Adelie Land i aust ved 136° A, og havet utanfor kysten av Wilkes Land grensar mot Indiahavet. Området strekkjer seg som ein sektor heilt inn til Sørpolen og har eit areal på om lag 2 000 000 km², der det meste ligg under is. Området er delt inn i følgjande sektorar:
I 2006 gjorde eit forskarlag leia av Ralph von Frese og Laramie Potts gravitasjonsmålingar ved hjelp av NASA-satelittane GRACE og oppdaga det nesten 500 km breie Wilkes Land-krateret, som truleg vart skapt kring 250 millionar år sidan.[1]
Wilkes Land i populærkulturen
Wilkes Land vert mykje nytta som åstad i filmen The X-Files frå 1998. Fox Mulder reiser til Antarktis for å redde partnaren Dana Scully, som vert heldt til fange her.