Jon Fosse
Jon Olav Fosse (fødd 29. september 1959 ) er ein norsk forfattar , dramatikar og statsstipendiat frå 2001. Han har hatt ein stor produksjon av romanar, noveller , dikt , barnebøker , essay og skodespel . Dessutan har han omsett eller skrive versjonar av ei rekkje teaterstykke. Den 5. oktober 2023 vart han tildelt Nobelprisen i litteratur.[ 1]
Liv og virke
Bakgrunn
Fosse vart fødd i Haugesund , men voks opp i Strandebarm i Kvam herad i Hardanger . Seinare flytte han til Bergen . Han vart cand. philol. i 1987 med grunnfag i sosiologi og filosofi, og hovudfag i allmenn litteraturvitskap.
Jon Fosse konverterte til katolisismen i 2013.
Forfattarskap
Jon Fosse debuterte i 1983 med romanen Raudt, svart . Det første skodespelet , Og aldri skal vi skiljast, kom i 1994. Fosse skriv på nynorsk .
Utgivingane hans er omsette til fleire språk, nokre av dei til over førti. Fosse sine skodespel blir meir og meir kjende utanfor Noreg, det er til no snakk om kring åtte hundre premierar, og det har mellom anna vore framsyningar i Tyskland , Frankrike , Japan og Spania . Han er den mest spelte norske skodespelforfattaren etter Ibsen .
Jon Fosse har fått Nynorsk litteraturpris tre gonger: i 1992, i 2002 og i 2019.
I 2011 fekk Jon Fosse tildelt statens æresbustad Grotten .
I 2015 fekk han Nordisk råds litteraturpris for Andvake -trilogien.[ 2]
I 2023 vart han tildelt Nobelprisen i litteratur .[ 1]
Verkliste
Prosa
1983 - Raudt, svart
1985 - Stengd gitar
1987 - Blod. Steinen er
1989 - Naustet
1991 - Flaskesamlaren
1992 - Bly og vatn
1993 - To forteljingar
1994 - Prosa frå ein oppvekst
1995 - Melancholia I
1996 - Melancholia II
1998 - Eldre kortare prosa
2000 - Morgon og kveld
2004 - Det er Ales . Forteljing
2007 - Andvake . Forteljing
2012 - Olavs draumar . Forteljing (framhald av Andvake)
2014 - Kveldsvævd (framhald av Olavs draumar )
2015 - Levande stein Kortare prosa og ei hymne
2019 - Det andre namnet Septologien I–II. Roman
2020 - Eg er ein annan Septologien III–V. Roman
2021 - Eit nytt namn. Septologien VI-VII . Roman
2023 - Kvitleik . Forteljing
Lyrikk
1986 - Engel med vatn i augene
1990 - Hundens bevegelsar
1992 - Hund og engel
1995 - Dikt 1986–1992
1997 - Nye dikt 1991–1994
2001 - Dikt 1986–2000
2003 - Auge i vind
2013 - Stein til stein
2015 - Lysande mørker
2016 - Poesiar. Etter Henrik Wergeland
Essay
1989 - Frå telling via showing til writing
1999 - Gnostiske essay
2011 - Essay
2014 - Når ein engel går gjennom scenen og andre essay
Barnebøker
1989 - Uendeleg seint , saman med Alf-Kåre Berg
1990 - Kant , saman med Roj Friberg
1993 - Dyrehagen Hardanger
1994 - Vått og svart , saman med Akin Düzakin
1995 - Nei å nei (Hundemanuskripta; 1)
1996 - Du å du (Hundemanuskripta; 2)
1997 - Fy å fy (Hundemanuskripta; 3)
2000 - Søster
2009 - Spelejenta
Gjendiktingar og omsetjingar
2013 – Soga om Fridtjov den Frøkne (fornaldersoge)
2014 – Fridtjov & Ingebjørg (fornaldersoge)
2015 – Soga om Torstein Vikingsson (fornaldersoge)
2016 – Forvandlinga og andre forteljngar (Franz Kafka )
2016 – Dei døde (James Joyce )
2018 – Fyrste kjærleik og annan kortare prosa (Samuel Beckett )
2018 – Lenz (Georg Büchner )
2020 – Den vesle prinsen (Antoine de Saint-Exupéry )
Skodespel
Urpremierar
1994 - Og aldri skal vi skiljast. Den Nationale Scene , Bergen, 1994
1995 - Namnet , Den Nationale Scene, Bergen, 1995
1996 - Nokon kjem til å komme , Det Norske Teatret , Oslo, 1996
1996 - Barnet , Nationaltheatret , Oslo, 1996
1997 - Mor og barn , Nationaltheatret, Oslo, 1997
1997 - Sonen , Nationaltheatret, Oslo, 1997
1997 - Natta syng sine songar , Rogaland Teater , Stavanger, 1997
1999 - Gitarmannen , monolog , Cinnober Teater , Göteborg, 1999
1999 - Ein sommars dag , Det Norske Teatret, Oslo, 1999
1999 - Medan lyset går ned og alt blir svart , Teater Ibsen , Skien, 1999
1999 - Draum om hausten , Nationaltheateret, Oslo, 1999
2000 - Besøk , Den Nationale Scene, Bergen, 2000
2000 - Sov du vesle barnet mitt , Theatre de Folle Pensée , Frankrike, 2000
2000 - Vinter , Rogaland Teater, Stavanger, 2000
2000 - Ettermiddag , Teaterhögskolan i Stockholm , 2000
2001 - Vakkert , Det Norske Teateret, Oslo, 2001
2001 - Dødsvariasjonar , Nationaltheateret, Oslo, 2001
2002 - Jenta i sofaen , Teaterfestivalen i Edinburgh , 2002
2002 - Lilla , The Royal National Theatre i London, 2003
2004 - Suzannah , NRK Fjernsynet, 2004
2004 - Dei døde hundane , Rogaland Teater, Stavanger, 2004
2004 - Sa ka la , Aarhus Teater, Aarhus, 2004
2005 - Varmt , Deutsches Theater, Berlin, 2005
2005 - Svevn , Nationalteatret, Oslo, 2005
2006 - Rambuku , Det Norske Teatret, Oslo, 2006
2007 - Eg er vinden , Den Nationale Scene, Bergen, 2007
2008 - Desse auga , Rogaland Teater, Stavanger, 2008
2009 - Jente i gul regnjakke , Dramaten, Stockholm, 2009
2014 - Hav , Bergen, 2014
2015 - Tre librettoar (Melancholia , Garnier-operaen, Paris, 2008; For seint , Beijing, 2013; Morgon og kveld , Royal Opera, London, 2015)
2017 - Edda , scenisk versjon, Det Norske Teatret, Oslo, 2017
2020 - Slik var det , monolog, Den Nationale Scene, Bergen, 2020
Prisar og utmerkingar
Kjelder
Bakgrunnsstoff
1901–1925 1926–1950 1951–1975 1976–2000 Frå 2001