Elias Canetti vart fødd i Rustschuk (no Ruse), ein hamneby ved Donau-elva i Bulgaria, tett ved den rumenske grensa. Han snakka flytande jødespansk og bulgarsk frå tidleg barndom av. I 1911 flytte familien til England, der Elias lærte engelsk. Etter at faren døydde i 1912, levde familien eit omflakkande liv i dei tyskspråklege landa Tyskland, Sveits og Austerrike. Frå 1924 av budde han i Wien, der han i 1929 oppnådde doktorgraden i kjemi. Han vart stort sett buande i Wien fram til han og kona Veza laut flykte derifrå etter at Austerrike vart innlemma i det nazistiskeTyskland i 1938. Dei flytte til England i 1939 og vart buande der til etter krigen. Frå 1970-åra heldt han stadig meir til i Sveits, der han så vart buande frå 1980-åra til han døydde i Zürich den 13. august 1994.