Accademia della Crusca, Accademia Nazionale dei Lincei, Società reale di Napoli, Deputazione di Storia Patria per le Venezie, Lombard Institute Academy of Science and Letters, Società dantesca italiana, Deputazione di storia patria per l'Umbria
Byste av Giosuè Carducci ved biblioteket i Verona.
Giosuè Carducci (27. juli1835–16. februar1907) var ein italiensk forfattar, av mange rekna som nasjonalskalden til det moderne Italia, og den første italienaren som fekk Nobelprisen i litteratur i 1906. Medan Carducci er best kjend for dikta sine, skreiv han også prosa, og omsette fleire store verk.
Carducci vart fødd i Valdicastello i den italienske småbyen Pietrasanta nordvest i Toscana. Faren var lege og medlem i den hemmelege Carbonari-rørsla, og familien måtte flytta fleire gonger av politiske grunnar. I 1849 slo familien seg ned i nær Firenze. Kommunen Castagneto, der Carducci budde, fekk seinare namnet Castagneto Carducci til ære for han.
Carducci tok doktorgraden ved Scuola Normale Superiore di Pisa i 1856 og arbeidde som lærar og førelesar, mellom anna som professor i italiensk ved universitetet i Bologna. Han var ein mykje likt førelesar, og var kjend som ein sterk kritikar av litteratur og samfunn. Han var imot kristendommen, særleg den sterke verdslege makta til den katolske kyrkja.
I 1859 gifta Carducci seg med kusina Elvira Menicucci. Dei fekk fem barn saman, ein son døydde få dagar gammal.
Carducci hadde stor interesse for antikk gresk og romersk kultur. Som ung omsette han ein del av Iliaden til italiensk. Seinare brukte han gjerne klassiske verseformer lik Horats og Vergil og ein enkel, «klassisk» stil i dikta sine.
Protestdiktet «Inno a Satana», 'Hymne til Satan', vart eit revolusjonært og inspirerande dikt i 1860-åra, då den italienske republikanske rørsla pressa på for å enda Vatikanet sitt styre over Pavestatane. Medan diktet fekk stor utbreiing og innverknad, finn ein dei viktigaste dikta hans i dei seinare samlingane Rime Nuove og Odi Barbare.
Carducci omsette mykje frå fransk og tysk, mellom anna verk av Goethe og Heine.
Verkliste
1863 - Inno a Satana
1866-1867 - Della varia fortuna di Dante
1867 - Idillio maremmano
1868 - Levia Gravia
1868 - Dello svolgimento della letteratura nazionale
1871 - Pianto antico
1871 - Poesie
1872 - Primavere elleniche
1873 - Nuove poesie di Enotrio Romano
1874 - Davanti a San Guido og Nostalgia
1875 - Faida di comune, Tedio invernale, Alla stazione in una mattina d'autunno, Mors - nell'epidemia difterica
1876 - Alle fonti del Clitumno
1877 - Odi barbare
1878 - Alla regina d'Italia
1880 - Sogno d'estate
1881 - Nevicata
1882 - Nuove odi barbare, Giambi ed epodi, Confessioni e battaglie
Denne artikkelen treng referansar for verifikasjon. Du kan forbetra artikkelen ved å leggja inn referansar til pålitelege kjelder. Kven som helst kan fjerna kjeldelaust materiale utan forvarsel, men den føretrekte tilnærminga er i første omgang å markera dei setningane/påstandane som treng kjeldebelegg ved å tilføya {{tr}} etter påstanden.