Strandebarm er eit område og ei bygd i Kvam herad.
I området Strandebarm er det 4 bygder:
Strandebarm kyrkje er ei langkyrkje bygd i 1876. Byggverket er i tre og har 550 plassar.
Fjellstrand AS er eit skipsverft som held til på Omastrand.
Tidlegare kommune
Strandebarm er også ein tidlegare sjølvstendig kommune i Hordaland, oppretta i 1837 som Strandebarm formannskapsdistrikt. I 1862 vart Strandebarm delt i to, då Jondal vart skilt ut som eige herad. Strandebarm hadde etter frådelinga 1 663 innbyggarar. 1. januar 1902 skjedde ei ny deling i det Varaldsøy vart skilt ut som eigen kommune. Strandebarm hadde etter denne delinga 1 661 innbyggarar. 1. januar 1965 vart det meste av Strandebarm med 1 545 innbyggere slått saman med delar av Varaldsøy, Jondal og Kvam til det nye Kvam herad. Samtidig vart området Kysnesstranda i Strandebarm med 100 innbyggjarar slått saman med det meste av Jondal til den nye Jondal kommune.
Folketalsutvikling
Folketalsutvikling for tidlegare Strandebarm kommune frå 1902 til 1965:
1.1.1902
|
1.12.1920[1]
|
1.12.1930[2]
|
3.12.1946[2]
|
1.1.1951[3]
|
1.1.1961[3]
|
1.1.1965[3]
|
1661
|
1641
|
1612
|
1731
|
1700
|
1631
|
1645
|
Folk frå Strandebarm
Kjelder
Fotnotar
- ↑ Statistisk årbok for kongeriket Norge 40de årgang, 1920 (Det statistiske centralbyrå, 1921)
- ↑ 2,0 2,1 Statistisk årbok for Norge 69. årgang, 1950 (Statistisk sentralbyrå, 1950)
- ↑ 3,0 3,1 3,2 Folkemengde i Strandebarm 1. januar kvart år frå 1951, frå Statistisk sentralbyrå