Haugesund er ein by og administrasjonssenter i Haugesund kommune i Rogaland fylke med 46 359 innbyggjarar per 1. januar 2023. I tillegg til bygningsmassen innan kommunegrensene også busetnaden på begge sidene av Karmsundet i Karmøy kommune. På fastlandet heng denne saman med bygningsmassen i Haugesund.
Under dei siste 20 åra har staden fått ein styrkt posisjon som handelssenter for Haugalandet og dei sørlege delane av Hordaland. Det ligg fleire relativt store kjøpesenter i utkantane av byen. Byen fylte 150 år i 2004. Sjølv om han er nokså ung, finst mange historiske merke her, som Haraldsstøtta over staden ein trur kong Harald I Hårfagre ligg gravlagd.
Kjelder
Bakgrunnsstoff