Daevid Allen
Daevid Allen (fødd 13. januar 1938 som Christopher David Allen, daud 13. mars 2015)[1], stundom kalla Divided Alien, er ein australsk diktar, gitarist, songar, låtskrivar og musikar som var med på å starte banda Soft Machine (i Storbritannia i 1966) og Gong (i Frankrike i 1970).[2][3] BiografiI 1960, inspirert av Beat-generasjonen han hadde oppdaga då han arbeidde i ein bokhandlar i Melbourne, reiste Allen til Paris der han budde på Beat Hotel på rommet som Allen Ginsberg og Peter Orlovsky nyleg hadde hatt. Han selde International Herald Tribune rundt Le Chat qui Peche og Latinkvarteret, då han møtte Terry Riley og fekk fri tilgang til jazzklubbar i området. Etter å ha møtt William S. Burroughs, og inspirert av filosofien til Sun Ra, danna han frijazzbandet Daevid Allen Trio, og spelte på teaterstykka til Burroughs basert på romanen The Ticket That Exploded. Allen reiste til England, og leigde eit rom i Canterbury der han møtte sonen til verten, den 16 år gamle Robert Wyatt. I lag med Kevin Ayers og Mike Ratledge starta dei Soft Machine, kalla opp etter Burroughs-romanen The Soft Machine. Ayers og Wyatt hadde tidlegare spelt i Wilde Flowers. Etter ein Europa-turne fekk ikkje Allen løyve til å reise attende til Storbritannia fordi han hadde halde seg over visumperioden hans under førre vitjing. Han reiste attende til Paris der han tok del i opprøra i Paris i 1968. Han gav teddybjørnar til politiet og las dikt. Han innrømde sidan at han vart håna av dei andre opprørarane fordi han var ein beatnik. Han flykta frå politiet og kom seg til Deya,-durca, med partnaren Gilli Smyth. Det var her han spelte inn Magick Brother (1969), det første albumet under namnet Gong. Dei fekk med seg fløytespelaren Didier Malherbe, som dei hevda dei fann i ei grotte på eigedommen til Robert Graves. I 1970 spelte Allen inn det første soloalbumet sitt, Banana Moon (stundom skriven Bananamoon). På albumet har han med seg mellom andre Robert Wyatt. I 1971 gav Gong ut Camembert Electrique. Dei danna eit slags anarkistisk miljø på landsbygda i Frankrike mellom 1972 og 1974. I 1972 fekk dei med seg den elektroniske musikaren Tim Blake og seinare, etter å ha signert kontrakt med Virgin Records, Steve Hillage og Pierre Moerlen for albumet Radio Gnome Trilogy som bestod av Flying Teapot, Angel's Egg og You. ![]() Allen forlet denne inkarnasjonen av Gong og spelte inn tre soloalbum, Good Morning (1976), Now Is The Happiest Time Of Your Life (1977) og N'existe pas! (1979). I løpet av desse åra levde Allen i eit hippiekollektiv i landsbyen Deià (Mallorca) og medverka til produksjonen av boka Book of Am, albumet til eit band kalla Can Am Des Puig. I 1977 spelte han som Planet Gong, og spelte ein enkelt konsert med Gong i Hippodrome i Paris. Delar av konserten (som var fleire timar lang) vart gjeven ut som dobbelplata Gong Est Mort? Vive Gong. I 1980 slo Allen seg saman med Bill Laswell for det punk-aktige New York Gong. Dei gav ut albumet About Time. Fleire prosjekt følgde, mellom anna Invisible Opera Company Of Tibet, Brainville, Ex (ikkje det nederlandske punkbandet The Ex) og Magic Brothers. I 1981 reiste Allen attende til Australia og slo seg ned i Byron Bay der han arbeidde med performance-stykke og dikt. Han arbeidde med performanceartisten David Tolley med bandsløyfer og trommemaskinar. Han held for tida på med eit prosjekt kalla you'N'gong (eit ordspel på uttrykket «Young Gong») med sonen Orlando, og medlemmar av Acid Mothers Temple (samarbeidet vert kalla Acid Mothers Gong), samt improvisasjonsbandet Guru And Zero. I mange år no har Daevid Allen vore medlem av University of Errors, som har gjeve ut fire album, og i jazzrockbandet Brainville 3. Han har òg arbeidd med Spirits Burning, ei spacerock-supergruppe med Alan Davey, Bridget Wishart, Karl E. H. Seigfried og Simon House. Noko av det mest eksperimentelle arbeidet til Daevid Allen har vore med støybandet Big City Orchestra. I november 2006 vart ein Gong Family Unconvention halde i Amsterdam, der mange av dei tidlegare Gong-medlemmane vart gjenforeint. Fleire Gong-konsertar vart halde i London i juni 2008. I november 2007 spelte Allen ei rekkje konsertar i Brasil, med medlemmar frå Gong. Dei kalla seg då Daevid Allen and Gong Global Family Diskografi
University of Errors
Bibliografi
Kjelder
Bakgrunnsstoff |