Roy Babbington (fødd 8. juli 1940 i Kempston i Bedfordshire i England ) er ein rocke - og jazz bassist . Han er mest kjend som bassist i Canterbury scene -bandet Soft Machine .
I 1969 flytte han til London og vart med i bandet Delivery , eit av banda i Canterbury scene med Phil Miller , Pip Pyle og Lol Coxhill . Samstundes var han studiomusikar for jazz/fusion -musikarar som Michael Gibbs og The Keith Tippett Group (med Elton Dean ). I tillegg spelte han i Centipede (1971) og på Dean-albumet Just Us . Då Delivery vart oppløyst i 1971 etter eit album med Carol Grimes kalla Fools Meeting , vart Babbington med i Nucleus .
Han medverka på album av Alexis Korner , Harvey Andrews , Mike d'Abo , Chris Spedding og vart på denne tida medlem av banda "Schunge", Solid Gold Cadillac (med Mike Westbrook og Spedding blant andre) og Ovary Lodge .
Babbington hadde alt medverka med kontrabass til Soft Machine-albuma Fourth (1971) og Fifth (1972), før han permanent erstatta Hugh Hopper som bassist for albumet Seven .
Etter 1976 har han arbeidd med Judie Tzuke , og i 1980- og 1990-åra med Barbara Thompson , Elvis Costello , Carol Grimes , Mose Allison og BBC Big Band .
I 2008 spelte han med Soft Machine Legacy[ 1] [ 2] og har erstatta den avdøde Hugh Hopper som bassisten deira i 2009.[ 3]
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Studioalbum Konsertalbum Tilknytte artiklar