Roy Babbington, som tidlegare hadde medverka på Fourth og Fifth med kontrabass som studiomusikar, erstatta her Hugh Hopper på bassgitar. Hopper hadde gått frå bandet for å starte ein solokarriere. Babbington hadde aldri spelt bassgitar før Soft Machine spurte om han ville spele bass med dei.
Albumet vart gjeven ut på CBS Records med eit plateomslag i fargar i Storbritannia, og på Columbia Records med eit heilt anna svart-kvitt-omslag i USA. Dette var det siste albumet deira som hadde eit nummer som tittel.