Shamal er det sjette studioalbumet til progrockbandet Gong, gjeve ut på Virgin Records den 13. februar 1976.[3] Albumet var produsert av trommeslagaren til Pink Floyd, Nick Mason, og vart spelt inn i desember 1975.[4] Dette var det første Gong-albumet spelt inn utan grunnleggjaren Daevid Allen.
Mottaking
I ei melding om albumet for nettstaden Sputnikmusic, sa Robert Davis: «Det beste med Shamal er at det er så mangfaldig. Det er berre seks spor her, men kvar av dei verkar å utforske ein ny tone og ny musikalsk retning. Dei mjukare spora som opningssporet «Wingful of Eyes» og den vakre, elegante fløyte-dominerte «Bambooji» komplimenterer dei rarare spora på albumet, som den nesten Frank Zappa-inspirerte «Cat in Clark's Shoes» og det eksentriske avslutningssporet. Det som verkeleg held alle desse songane saman er fråværet av sjølvnytande musikalitet og ein heilt tydeleg kunnskap om dei perfekte instrumentplassringane.»[5]