Albumet er det første Gong-albumet sidan grunnleggjarane Daevid Allen og Gilli Smyth døydde. Dave Sturt sa om albumet: «Inspirert av lyset, kjærleiken og avgangen til vår kjære ven og inspirasjon, Daevid Allen.»[2]
Innspeling
Albumet vart spelt inn i Brixton Hill Studios våren 2016. «Model Village» inneheld ein sample frå «Floating Anarchy Manifesto» som var spelt inn i Bananamoon Observatory Studios i Australia
«Glastonbury Town» vart laga i Music Room studio i London den 22. april 2013.
«The Paragraph Time Chose To Forget» vart spelt inn i The Lighthouse i Dealn den 27. januar 2016.
Albumet kom ut 16. september 2016 på Madfish på Cd og vinyl. Ein dobbel CD/DVD-Audio-versjon kom ut i ei luksusutgåve med ei 44-sider lang bok. Det vart òg laga kringlydmiksar av albumet.[3]