Laurie Allan (fødd 19. februar 1943) er ein engelsk trommeslagar, mest kjend som medlem av Delivery og Gong.
Etter å ha spelt i ymse band i 1960-åra vart Allan medlem av Delivery i 1971 og erstatta Pip Pyle, som då gjekk til Gong.[1] I 1972 erstatta Allan igjen Pyle då han gjekk til Gong. Allan slutta i Gong i 1973 for å bli med i eit nytt Delivery, men dette varte ikkje lenger. Han spelte sidan med Miller og Lol Coxhill sitt The Story So Far/Oh Really? (1974), Ralph McTell-albumet Not till Tomorrow (1972) og Bert Jansch-albumet Moonshine (1973).
Allan spelte òg med Robert Wyatt, på albuma Rock Bottom oog Ruth Is Stranger Than Richard, og han var tidlegare i eit forhold med artisten Alfie Benge før ho gifta seg med Wyatt.[2]
Allan kom attende til Gong i 1974 og var med bandet nokre år etter et, inkludert i avleiaren Mother Gong i 1978.
Kjelder
- ↑ «Prog. Una suite lunga mezzo secolo», by Donato Zoppo. Arcana, 2017.
- ↑ «Different Every Time: The Authorised Biography of Robert Wyatt», by Marcus O’Dair. Serpent's Tail, 2014